Alt som heiter sigarettar, tobakk, sigarettpapir, lighter, eingongskamera, film og solbriller er borte, saman med nokre tusen kroner i kontantar.

Kassa er tømt for vekslepengar, og pengar er også borte frå kontoret. Men pengeskapet har dei ikkje prøvt seg på.

Dei ubedne gjestene tok seg inn gjennom eit kjellarvindu, med brekkjern som reiskap. Politiet har teke hand om brekkjernet og leitar etter fingeravtrykk.