Natt til onsdag var det tjuvar hos P.H. Haugen Landhandel i Sævareid i Fusa.

– Dei har brote opp ei lagerdør. I butikken har dei tatt øl, tobakk og kontantar. Vi er veldig interessert i om nokon har sett uvanleg trafikk i Sævareid natt til onsdag, seier politiførstebetjent Ove Ivarhus ved Fusa lensmannskontor.