TERJE ULVEDAL

Innbrotet er gjort hos Fotograf Reiakvam. Politiet er no på staden.

— Så langt har vi ikkje fullt oversyn. Men det ser ut til at tjuvane har fått med seg utstyr for store verdiar, opplyser lensmann Kjell Fonn.

Etter det bt.no kjenner til skal tjuvane mellom anna ha fått med seg mykje digitalt fotoutstyr.