Tjuvane løyste ut alarmen kl. 04.00, og rakk ikkje utrette noko før dei flykta. Eit kvarter seinare vart det knust ei rute i ein gullsmedforretning på Nordfjordeid.

Ein del varer forsvann, men det skal ikkje handle om store verdiar, ifølgje politiet.

To personar vart sett i det dei stakk frå staden. Politiet vil gjerne snakke med vitne i samband med begge innbrota.