Voss Villmark UB satsar på klatring og isfiske som hovudaktivitetar, om sommaren også kajakkpadling i elvestryk og fossar.

Vi trefte på klatregjengen på trening før påske, medan to kollegar var på jobb på Lønavatnet. Der lærte dei kundane isfiske for 100 kroner timen. Pr. kunde.

Timepris for instruktøren

— Slikt blir det nok pengar av, så tolmodige som isfiskarar må vera. Går det mange timar før dei får napp?

— Ikkje når vi syner dei korleis det skal gjerast, reklamerer økonomisjefen.

Han røper at prispolitikken er litt annleis når det gjeld klatring, på denne årstida isklatring og rappellering. Også her er timeprisen 100 kroner, men det er prisen pr. instruktør, same kor mange kundar som er med.

— Flotte treningstilhøve og låge reisekostnader, kommenterer dagleg leiar Lucas Gerritsen (17). Direktørstatus gir ikkje grunnlag for å sluntra unna arbeid «på golvet», om slikt kan seiast om ein loddrett isvegg. Alle må ta i eit tak, skal det bli overskot. Desse karane er ikkje redde for å møta veggen. Han kan klatrast opp. Og is er inga hindring.

Blir snart meir mobile

Reisekostnadene er ekstra låge så lenge faglærar Ragne Berre er med som gratis sjåfør på Voss Jordbruksskule sin bil. Men snart fyller den eldste tilsette i verksemda 18 år, og får lappen. Og deretter fyljer dei andre etter.

— Med transportmiddel alltid tilgjengeleg når det trengst, blir det lettare å driva verksemda, seier økonomisjef Trygve Prestegard.

Jondølen er sikker på at det er gode pengar å tena på villmarksliv.

På raftinglandslaget

For den som skal gjera seg næring av å læra folk villmarksaktivitetar, er det viktig å kunne kunsten sjølv. Det ville vore flaut om klatreknuten vart knytt feil, og ikkje kunne brukast til klatring. Difor må det lærast, trenast og terpast. Ungdomsbedrifta på Villmarkslina ved Voss jordbruksskule har Ragne Berre som faglærar, rettleiar og instruktør. Ho var kaptein på raftinglandslaget som tok medalje i VM, og har brei røynsle frå villmarka.

Tryggleik

I slikt arbeid må tryggleiken koma først. Her blir det terpa og terpa. Kva gjer ein om nokon får panikk og knip hardt om knuten? Grepet skal losnast når det går litt for fort unna, elles aukar farten. Sikring og dobbel sikring blir livleg diskutert.

Når ungdomsskuleklassar og barnehagar til no har dominert kundemassen, er det viktig å ikkje ta nokon sjansar. Også når verksemda stiller mannskap til skiheisar står tryggleikaspektet sentralt.