STEINAR HYSTAD

Frå dagen det kom køyrande veg på austsida av Stord for 40 år sidan, har det på lokalt hald vore sagt «å kjøra gjennom Uføro», «da skjedde i Uføro», «jammen e da bratt i Uføro». Fjellet stuper rett ned i djupe Langenuen på staden, og vegen måtte skytast inn i bratthenget. Eit imponerande stykke arbeid. Vegbanen gjennom Uføro fekk breidda som var vanleg tidleg på 60-talet, men med møteplass midt på strekkja i tilfelle det skulle koma ein bil imot. Ønskje om breiare veg breidde seg med styrke og nådde etterkvart til topps i kommune og statlege stell, og mange vegfarande gledde seg stort over vedtaket om at ny veg med to køyrebanar og gul stripe gjennom Uføro skulle gå inni fjellet.

Seinhausten i fjor opna tunnelen for trafikk, 610 meter lang. Eit nytt flott veganlegg. Det vart berre sett som naturleg at det stod Uførotunnelen på første skiltet som fortalde rullande frå nord eller sør kva hol i fjellet dei køyrde inn i. Det er jo gjennom Uføro trafikken alltid har gått. Men det var feil. På det nyaste skiltet står det Uføretunnelen. — Uføro er eit stadnamn, som er eit substantiv og dei skal bøyast. Utgangspunktet er ei uføra, ein stad det er vondt å ta seg fram, forklarar lektor Kari Lønning Aarø. Ho er medlem i den kommunale namnenemnda og forfattar av ei namnebok med forklaringar for Stord. Staten sine namnekonsulentar var på same måte som den lokale nemnda aldri i tvil om at Uføretunnelen er den korrekte nemninga på den nye samferdsleåra gjennom Uføro.