Verftet skal byggja dekket til ei ny produksjonsplattform på Eldfisk-feltet, som inngår i Ekofisk-området — landets første oljefunn, med produksjon tilbake til 1971.

Feltet heilt sør i Nordsjøen skulle etter planen vore stengt for mange år sidan, men ny teknologi har gitt det ei forlenga levetid som no er strekt heilt fram til 2050.

— Det er flott å få vera med på den fascinerande utviklinga som skjer på dette feltet, seier Aker Stords administrerande direktør Lars Eide.

Til Stortinget

Stord-verftets kontrakt med ConocoPhillips er på 5,5 milliardar kroner. Men selskapet har utbyggingsplanar for Ekofisk Sør og Eldfisk II for rundt 65 milliardar kroner til saman.

Fire nye plattformer vil auka utvinningsgraden av olje frå 22 (Eldfisk) og 49,5 prosent (Ekofisk) til høvesvis 28,5 og 52 prosent, ifølgje Plan for utbygging og drift som skal til endeleg godkjenning i Stortinget i vår.

Når kanskje halvparten av Aker Stords 1600 tilsette er i full sving med Eldfisk 2/7 S-dekket neste år, vil heile prosjekt Eldfisk II sysselsetja om lag ti tusen nordmenn. Ifølgje Lars Eide, vil oppdraget generera mellom 800 og 1000 årsverk for verftet sin del.

Planlegging og ingeniørtenester startar straks, medan fabrikasjonen kjem i gong i førstninga av 2012, med ferdigstilling av dekket i 2014.

Gitt 1200 milliardar

Ekofisk-feltets store oljeressursar har til no gitt ei verdiskaping for det norske samfunnet målt til meir enn 1200 milliardar kroner. Den auka utvinningsgraden skuldast vassinjeksjon og ny boreteknologi.

Tapping av olje og gass har ført til at havbotnen har sokke inntil ni meter på det meste. Det har igjen ført til at fleire av dei eldste installasjonane er jekka opp og forlenga, og at konstruksjonen av nye installasjonar tek høgde for at botnen vil søkkja endå meir.

Eldfisk og Ekofisk ligg på 70-75 meters djup om lag 300 kilometer sørvest for Egersund. Eldfisk kom i produksjon første gong i 1979. Begge felt har driftsorganisasjonen i Stavanger.