Då elevane i første klasse på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane fekk berbare datamaskiner i fjor, blei pc-kjøpet finansiert med å kutte i løyvingane til lærebøker. Med datamaskiner på kvar pult, meinte politikarane at elevane kunne bruke lærebøker på nett frå Nasjonal digital læringsarena (NDLA).

No snur skulane. Hafstad vidaregåande i Førde innførte digitale læreverk i fire fag for elevane i første klasse, norsk, naturfag, samfunnsfag og kroppsøving.

— Vi held fram med å bruke elektroniske lærebøker i kroppsøving, men kjøper bøker i dei andre faga, seier assisterande rektor Henrik Arne Losnegaard.

Eintydige meldingar

Eintydige tilbakemeldingar frå både elevar og lærarar er årsaka.

  • Når generasjonen som har vakse opp med datamaskiner så klart seier dei ønskjer bøker, må vi ta det til etterretning.
  • Kva grunnar har elevane?
  • Vi snakkar om eit sett av årsaker. Men mange tilbakemeldingar går på at å lese store mengder tekst på skjerm, er eit problem.

Losnegaard peikar på faglege veikskapar med NDLA. Innføringsartiklar manglar om viktige emne, arbeidet med å samle fagstoff blir omfattande og læreverket endrar seg heile tida.

  • No, i samband med eksamen, har vi sett at elevane slit med å finne tilbake til lærestoff dei har vore gjennom før i skuleåret. Grunnen er at det er flytta på NDLA.

Brukte bøker til halv pris

Ved Stryn vidaregåande skule gjennomførte dei aldri intensjonen til fylkespolitikarane om å kutte læreboka.

  • Mitt syn er at digitale læreverk aldri kan erstatte ei lærebok. Eg har heile tida meint at trua på opplæringseffekten av elektroniske læremiddel, har vore overdriven stor. Det kan bli eit godt supplement, men heller ikkje noko meir, seier opplæringsleiar Hans Petter Galtung.
  • Kva blei gjort?
  • Vi brukte av eigne midlar og greidde å skaffe lærebøker til alle elevar i alle fag. Mellom anna kjøpte vi brukte bøker til halv pris.

Skulen vil gjere likeeins til neste år. Ifølgje Galtung er lærarar kritiske til NDLA fordi kvaliteten ikkje er god nok.

  • Men eg trur kritikken vil gjere NDLA betre i åra framover, og dermed meir aktuell som eit supplement i undervisninga.

Utfordringar

Ifølgje ei undersøking om den digitale satsinga i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane, er det store utfordringar med digitale læremiddel. Skilnaden på korleis elevane evnar å nytte slike læremiddel er stor, og det blir åtvarar mot at skulen kan vere med på å skape ein digital underklasse. Meir enn kvar tredje elev rotar bort skuletimar til speling og chatting på dataen, og ein av fem let seg forstyrre av medelevar som brukar pc-ane til utanomfaglege aktivitetar. Komande onsdag skal hovudutval for opplæring handsame rapporten.

Utvalsleiar Arne Hovland (Ap) var ikkje kjend med at skulen som gjekk lengst i digitalisering, Hafstad vidaregåande, går tilbake til læreboka.

  • Viser ikkje dette at vedtaket politikarane gjorde i fjor om å finansiere datamaskiner ved å bruke lærebøker på nett, var dårleg fundert, Hovland?
  • Eg ser at det finst ei utfordring i forhold til bruk. Men vi var trass alt av dei siste til å innføre dette, og det er ikkje aktuelt å endre vedtaket.

— Mange lærarar meiner digitale læremiddel aldri kan erstatte lærebok. Kva tenkjer du om det?

  • Om vi ser nokre år fram i tid, trur eg digitale læremiddel vil vere hovudlæringsarenaen. Når vi ser kor fort utviklinga har gått siste 20 åra, trur eg ingen kan spå kvar vi er om nye 20 år.