-Det negative i dag er positivt i morgon.

I eit lite rom i kjellaren i Mathopen tek Kåre Fonneland imot pasientar på kveldstid. Han er overingeniør i oljeserviceselskapet Aibel. På fritida driv han med handspålegging og aurarensing.

Det er 15 år sidan han oppdaga evnene utanom det vanlege. Det var ein healer som fortalde Fonneland at også han kunne helbrede folk.

— Folk kjem til meg med alle slags plagar: Personlege problem, nakke- og hovudplager, økonomiske problem. Økonomiske problem ligg som regel i hovudet. Når folk får healing, blir dei mykje roligare og slepp ned muskulaturen, fortel Fonneland.

Midt i rommet står ein benk. På det lille kontoret har han ørnefjær og kvit salvie, krystaller, steiner, ein søkevinkel som kan finne ut korleis jorda stråler eller kva retning vatnet renn. Han bruker ikkje alt. Mest hendene.

— Kva er det beste du har gjort som healer?

-Mange ting! Eg har hatt unge med sjølvmordstankar her som det har gått bra med. Ei ung jente med heroinabstinensar var her. Ho følte ho hadde maur under huden då ho kom. Etter healingen sang ho. Etter tre dagar fekk ho abstinensar igjen, kom tilbake, og det forsvann, fortel Fonneland.

Han trur omlag 70 prosent av dei som kjem til han blir betre. Og det er dei mest skeptiske det går best med, meiner han.

-Eg opplever mykje fordommar. Folk kjem inn her, seier dei ikkje trur, men gir det ein sjanse. Og dei blir veldig overraska når det virkar.

-Kva er det eigentleg som skjer under healing?

-Eg veit ikkje. Eg har slutta å spekulere i det. Det handlar om å overføre energien rundt meg til pasienten. Men eg stiller aldri diagnoser. Eg kan føle om folk er sjuke, og då ber eg dei oppsøke lege, seier Fonneland. Som ikkje blir sliten etter ein time med healing, fordi han får sjølv energi av å gi energi. Og han gir healing i arbeidstida på Aibel også.

-Healing hjelper mot musesjuke. Fem minutt eit par gongar i veka er nok.