Drapstiltalte Hashin forklarte under første dag av hovudforhandlingane at han hadde eit seksuelt forhold til folkehøgskuleeleven. På ein improvisert pressekonferanse då første dag av rettssaka var over, opplyste rektor Frode Hjort-Larsen at ingen av medelevane kjende til at det eksisterte eit slikt forhold.

Ingen av elevane kjende heller til dei to gutane Hashin hevdar Hedda blei med då dei kom til folkehøgskulen.

— Ingen av elevane veit noko om desse personane, sa Hjort-Larsen.

Rektoren gav uttrykk for at drapet på Hedda Karterudseter paradoksalt nok har sveisa elevgruppa ved Sogndal folkehøgskule sterkare saman.

— Dette er ei sak vi svært gjerne skulle vore forutan. Men eg har aldri opplevd ein gjeng ungdommar som har stått så sterkt saman. Hendinga har naturleg nok prega oss, men vi har hatt eit godt og opplevingsrikt skuleår, meiner rektoren.

Ti elevar følgde rettssakas første dag.

— Vi har stålsett oss for desse dagane. Skulen står på hovudet, men elevane er godt budde. Vi har hatt fleire informasjonsmøte på førehand, og politiet var på skulen og orienterte om saka for nokre veker sidan. For elevane trur eg ikkje det kom fram noko spesielt nytt i dag, meinte Hjort-Larsen.

For si eiga rekning gav rektoren uttrykk for at det hadde vore tøft å vere til stades i rettssalen, og få repetert alle detaljane i saka:

— Dessutan er det sjølvsagt ei påkjenning å sjå foreldra og pårørande sitje i salen, og ta mot og høyre dette.

Ingen av elevane skal vitne i rettssaka. Men det første vitnet i morgon er læraren som var den første av dei tilsette ved skulen som kom til Hedda sin hybel nr. 208 etter at ho var funnen død.