Jordmødrene som var tilsett ved fødeavdelinga ved sjukehuset i Lærdal, har no slutta, og fødeavdelinga vert fram til årsskiftet drive vidare med vikarar.

Frå årsskiftet er meininga at fødeavdelinga skal gjerast om til forsterka fødestove. Men til no har det ikkje kome inn søkjarar til dei ledige jordmorstillingane.

Kirurgane ved Lærdal Sjukehus har også reservert seg mot å utføra keisarsnitt dersom det skulle oppstå komplikasjonar.

Styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes, stadfestar overfor Bergens Tidende at arbeidsgruppa som har arbeidd med å få i stand den forsterka fødestova, ikkje har lykkast. Han presiserer likevel at det framleis vert jobba aktivt med å rekruttera til dei ledige stillingane.

Kan verta vanleg fødestove

— Men vi kan ikkje tvinga jordmødrer eller kirurgar til å arbeida der. Det vil no verta opp til styret i Helse Vest og helseminister Dagfinn Høybråten å finna ei løysing, seier styreleiaren.

— Kva skjer om de ikkje får etablert ei forsterka fødestove?

— Det må helseministeren avgjera. Men eg vil tru det er rimeleg at fødeavdelinga vert drive vidare som ei vanleg fødestove, seier Thorsnes.

Talskvinne for sjukehusaksjonen i Lærdal, Bente Øyen Hauge, seier til BT at aksjonen aldri kjem til å godta at fødeavdelinga i Lærdal skal drivast som ei vanleg fødestove.

— Helseministeren sette som vilkår at det var ei forsterka fødestove som skulle erstatta fødeavdelinga. Slik vi ser det, kan ikkje helseministeren leggja ned fødeavdelinga om ikkje dette vilkåret vert oppfylt.

Nærsjukehuset i stampe

Også arbeidet med å etablera eit nærsjukehus i Florø står i stampe. Ei arbeidsgruppe som har vore i gang med å førebu organiseringa av nyordninga, har møtt store problem. I går vart det kjent at primærlegane i Florø har sagt nei til å vera med vidare i førebuinga. Tidlegare har Bremanger og Flora kommune brote ut av samarbeidet. Førre veke trekte også eit av styremedlemmene i Helse Førde, Agnar Strømsnes, seg ut av styret i Helse Førde i protest mot planane med nærsjukehuset.

— Vi må berre konstatera at arbeidet med å omorganisera sjukehussektoren i Sogn og Fjordane står i stampe, konstaterer Thorsnes

— Vi kan ikkje anna enn å overlata det vidare arbeidet til styret i Helse vest og helseministeren.

Aksjon framom Stortinget

I dag reiser ein buss med demonstrantar frå Sogn og Fjordane til Oslo for å slutta seg til ein demonstrasjon utanfor Stortinget. Det er aksjonistar frå alle dei fem helseregionar som protesterer mot nedlegging og omorganisering av fødeomsorga og akuttberedskapen ved lokalsjukehusa i fleire helseregionar i landet..

Mellom anna er reaksjonane sterke i Buskerud, Telemark og Vestfold. For å spara pengar har leiinga i Helse Sør foreslått å leggja ned fødeavdelingane og akuttberedskapen ved fleire lokalsjukehus i dei tre fylka.

— Vi reknar med at mange hundre aksjonistar vil samlast framom Stortinget i dag, seier Øyen Hauge.

Aksjonistane krev mellom anna at dei store innstrammingane på sjukehussektoren vert teken opp i Stortinget.