Sjukehusleiinga arbeider no på spreng for å hindre at fødetilbodet i Indre Sogn bryt fullstendig saman. Rådyre vikar— og stafettordningar må til for å oppretthalde drifta av ei avdeling som skal gjerast om til fødestove, mellom anna for å spare pengar.

1. oktober sluttar den siste av sju jordmødrer som sa seg opp etter at Helse Vest avgjorde å gjere fødeavdelinga i Lærdal om til jordmorstyrt fødestove. Den åttande har bindingstid, og skal stå i stillinga til januar. Jordmødrene sa opp fordi dei meiner omlegginga til fødestove ikkje er fagleg forsvarleg.

Men utlysingane for å skaffe nye jordmødrer har gitt magert resultat. Berre ein søkjar har meldt seg.

— Vi har gitt vedkommande jobbtilbod, men ikkje fått svar sjølv om fristen er ute, opplyser direktør Leif Havnen ved Lærdal-sjukehuset.

Skal drive vidare

Søknadsfristen gjekk ut 31. august. Til grunn for utlysingane låg at jordmødrene etter årsskiftet skulle arbeide på den jordmorstyrte fødestova.

Sjukehus-direktøren legg ikkje skjul på at han mislikar situasjonen:

— Dette er ikkje noko lysteleg.

Havnen seier dei har fått pålegg frå Helse Førde om å treffe tiltak for å halde fødetilbodet i drift.

— Vi prøver no å rekruttere gjennom andre kanalar. Då er det snakk om vikarstafettar og byrå. Vi har frå før god kontakt med fagmiljø i Lund og Malmø i Sverige, og søkjer dit for å få dekka inn dei ledige jordmorstillingane.

For få fødslar, men også behovet for å spare pengar, var årsaka til at fødeavdelinga i Lærdal blei bestemt nedlagt. No kan ei dyr ordning med vikarbyrå erstatte fast tilsette jordmødrer. Havnen vil ikkje kommentere kor dyrt det kan bli.

— Det er ikkje tvil om at dette vil koste. Men vi har fått beskjed frå Helse Førde om å halde avdelinga i drift, så pengar har vi ikkje tenkt så mykje på i denne prosessen.

Orientere statsråden

Til Bergens Tidende seier Havnen at sjølv om tida er kort, reknar sjukehuset med å få ei ordning på plass slik at tilbode til dei fødande i Indre Sogn kan haldast oppe.

— Men utan fast tilsette jordmødrer, står ikkje då heile fødetilbodet i Lærdal i fare for å rotne på rot?

— Det veit eg ikkje. Dette kan slå begge vegar. Eg reknar med at den situasjonen vi no er inne i, blir orientert om til helseministeren i rapporten om omstillingane.

Då helseminister Dagfinn Høybråten godkjende dei omstridde omstillingane i Helse Vest før sommarferien, stilte han krav om ein skriftleg rapport om utviklinga. Denne skal liggje på bordet innan 1. oktober.

Jordmødrer får jobb

Men om sjukehuset har vanskar med å få jordmødrer, har ikkje jordmødrene som sa seg opp store vanskar med å skaffe seg jobb. Tre av dei har alt takka ja til engasjement og vikariat. Dei andre avventar.

— Vi er jo utdanna sjukepleiarar, så å få arbeid byr neppe på problem, seier Astrid Ruud, som då striden gjekk som høgast i vår fungerte som talskvinne for Lærdal-jordmødrene. Ho er ikkje spesielt overraska over manglande søknad.

— Også ved tidlegare utlysingar har det vore få søkjarar. Å ta mot jobb og flytte med familie til eit nedleggingstruga sjukehus i Indre Sogn, trur eg blir for usikre premissar for mange, seier Ruud.