I går var framleis ingen pågripne for det grove ranet der utbyttet var nokre få hundrelappar.

— Vi har fått nokre tips, vi har tekniske spor og vi prøver å kartleggja dei bilane som har passert. Vi har overvakingsbilde frå Bømlafjordtunnelen og av bilar som passerte bommen, men det er dessverre ikkje kamera som er retta mot betalingsbuene, seier politiførstebetjent Dag Vidar Nordhus ved Stord lensmannskontor til Bergens Tidende.

Den 39 år gamle kvinna som var på vakt blei truga med skytevåpen og hammar, men kom ikkje fysisk til skade. Om nettene er det berre ein person på vakt i bommen. Styreleiar Harry Herstad i Sunnhordland bru- og tunnelselskap AS seier til Bergens Tidende at det av økonomiske årsaker ikkje er aktuelt å dobla bemanninga eller å droppa bompengeinnkrevjinga om natta.

— Det uroar Bompenge-Noreg dersom bomstasjonar blir ransobjekt på line med nattopne kioskar og butikkar. Uroa gjeld det reint arbeidsmiljømessige, for i bomstasjonane er det berre ubetydelege pengesummar oppbevart, seier Herstad.

Det er Securitas som utfører bompengeinnkrevjinga i Trekantsambandet. Avdelingsleiar Henning Nilsen understrekar at det økonomisk har svært lite for seg å prøva å rana ein bomstasjon. Kontantar blir plassert slik at vektarane i bommen ikkje har tilgong til dei.

Ifølgje Nilsen har Securitas gitt den 39 år gamle kvinneleg tilsette tett oppfølging etter ranet. Ho kjem tilbake på jobb med det første.

— Trenden vi har sett i det siste er urovekkjande, og vi prioriterer slike saker høgt. Det er dramatisk det dei kriminelle no held på med, seier politiførstebetjent Nordhus.