— Vi hadde ei dødsulukke i 2000 og den på «Viking Queen» i 2001. Seinare har vi ikkje hatt dødsulukker eller alvorlege hendingar, seier logistikkdirektør for Statoils maritime operasjonar, Tormod Hope.

Han meiner ei tragisk hending er snudd noko positivt for både familien, Statoil og den maritime næringa.

— Ifølgje gammal kultur heiter det at havet gir og havet tar. Vi har gått nye vegar og har oppnådd gode resultat i samarbeid med dei tilsette, seier Hope.

Etter 2001 er det innført heilt nye rutinar for skip som deltek i ankerhandteringsoperasjonar for Statoil. Blant anna er fleire tidlegare manuelle operasjonar på dekk automatiserte, og det er minstekrav om to navigatørar på brua på fartøy som ligg inntil rigg. Kviletidsreglane er også innskjerpa.

— HMS-arbeid kostar pengar. Men det har også gitt større effektivitet, slik at tid brukt på riggflytting har gått ned. Det kjem av betre rutinar for planlegging, betre utstyr og betre opplæring, seier Tormod Hope.