— Juryen står overfor store menneskelege og moralske utfordringar, sa forsvararen, advokat Odd A. Drevland i onsdagens prosedyre i Gulating lagmannsrett.

Må oversjå «folkekrav»

Han innsåg faren for at jurymedlemene kunne føla seg forplikta til å gje ein fellande orskurd. Dei veit at tiltalte har utført det meinigslause og grove drapet, og kan undrast på korleis omverda vil reagera på ei frikjenning. Og kva med omsynet til sambuaren og sonen til offeret, og for Vossesamfunnet i det heile?

Dette er irrelevant, understreka Drevland. Juryen må vera viss på at tiltalte har utført drapet av «fri vilje».

Drevland viste til dei to ulike fråsegnenen frå psykatrisk sakkunnige, og framheva sterkt at det er tvil om tiltalte var medviten eller medvistlaus på gjerningstida. Tvilen må koma tiltalte til gode.

— Ingen rettssamfunn dømer nokon for det dei har gjort medvitlaust, sa Drevland.

Han viste i stor grad til fråsegna frå sakkunnige Jan Øystein Berle og Terje Andersen.

Skarp kritikk

Denne fråsegna gjekk aktor, statsadvokat Randi Gabrielsen til eit uvanleg krasst åtak på. Ho meinte dei sakkunnige altfor lett gjekk inn på tiltalte sine premissar. Eit døme er hendinga då tiltalte vart dømd for vald på 1970-talet. Her har dei lagt til grunn tiltalte sin versjon, og ikkje lese dommen.

— Dei klagar over eit spinkelt vurderingsgrunnlag, men då bør dei i alle fall bruka det materialet som ligg føre, refsa ho. Gabrielsen minna om at Berle og Andersen hadde retta fråsegna slik at ei viktig setning fekk praktisk talt motsett meining. Det var denne setninga som fekk lagmannsretten og Høgsterett til å sleppa tiltalte ut av varetektsfengselet i 2000. Ho sette større lit til fråsegna frå dei sakkunnige Hans Jakob Stang og Berthold Grünfeld, som meiner at tiltalte ikkje var medvitslaus.

Rus

Sjølv om retten skulle koma til at tiltalte var medvitslaus på drapstidspunktet, kan han domfellast dersom han har sett seg i denne tilstanden med sjølvskulda rus. Difor vart dette eit viktig tema under prosedyrane.

Drevland understreka at minst fire døgn søvnløyse ligg i botn. Det var dette som fekk han til å ta Valium, og seinare alkohol. Når ein har fått medisin frå ein lege, og blir rusa av det, er det ikkje sjølvskulda rus. Dessutan kan det meste av alkoholinntaket ha skjedd etter drapet, men før pågripinga. Aktoratet har ikkje ført prov for at alt vart drukke før drapet. Vitna som lukta akohol av han, kan vanskeleg skilja mellom gamal og ny fyll, meinte Drevland.

Risikosport

Han gjekk langt i å legga skulda på legane. Fastlegen burde ikkje gitt tiltalte så mykje Valium, og legevaktlegen skulle ha sendt han på sjukehus når den eine sprøyta etter den andre ikkje gav nokon verknad. Det kunne ha avverga drapet, hevda forsvararen, og la til at Valium i sprøyte-form er ein betydeleg risikosport.

Statsadvokat Gabrielsen la vekt på at mannen frivillig hadde teke 250 mg Valium i tablettform i løpet av to dagar, vel vitande om verknaden etter 20 års bruk. Sprøytene på toppen utgjer «berre» 30 mg. Dessutan meinte ho at vitneutsegnene var overtydande. Gabrielsen ba juryen om å finna tiltalte skuldig.

Torsdag får juryen råd av rettsformannen, og dreg seg attende for å avgjera skuldspørsmålet.

ÅSTADEN: Her ved Mølstertunet på Voss vart Kari Aalvik drepe 9. oktober 2000.