— Vi finn på mykje rart, fortel tøffingen Runar. Sjølv om det skulle vera hemmeleg røper han at han er styreleiar i Guteklubben Grei som er skipa på Voss Folkehøgskule. Han er så tøff at det står med store bokstavar på frontruta hans.

— Det er ikkje hemmeleg at greie gutar har skipa guteklubb på Folkehøgskulen, men det meste vi driv med er hemmeleg - overfor jentene på skulen, blir Bergens Tidende fortalt.

Klubben skal ha over 30 medlemer, alle folkehøgskuleelevar som har greidd den hemmelege opptaksprøva.

— Dette er ei motvekt mot sy- og tøveklubbar med jentegreier. Vi treng eit forum der menn kan vera menn, får tøffingane pressa fram mellom blåfrosne lepper, og tenner klaprande som hovslaga til eit halvt kavaleri.

Gåsehus får hard medfart av frottéhandkle. Førebels er det null nyfikne jenter å sjå oppover mot skuleområdet.

— Bryr jentene seg om påfunna?

— Om dei gjer! Dei er heilt frå seg dersom dei får greie på at noko er på gang. Dei går til ekstreme tiltak som å klatra i stigar og kikka inn vindaugo, seinast i natt, då vi dreiv med innebandy, med innlagde guteting, frå midnatt til klokka 02.00, triumferer karane med variabel mengde hår på brystet.

BRRRR: Ein handfull medlemer av Guteklubben Grei ved Voss Folkehøgskule bada i Vangsvatnet i går. F.v. Knut Wollo, Øystein Aanderaa, Eivind Olsnes, Runar Gundersen (hemmeleg leiar), Endre Landmark, Olav Gjønnes Tvedten og Jostein Gundersen.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH