— Vi veit like lite som i går, sukkar lensmann Kristen Olav Grøttebø i Årdal. - Vi har ikkje fått inn konkrete opplysningar som vi kan seie har ført oss nærare ei oppklaring.

Kan vere lokale

Saman med fire andre frå lensmannskontora i Årdal og Lærdal arbeidde han fredag på spreng med å avhøyre vitner i saka. Men ingen ý bortsett frå den 27 år gamle butikkstyraren ý ser ut til å ha obeservert dei to ranarane som truga pengane til seg inne på butikkens bakrom.

Ranarane var væpna med det som truleg var ei avsagd hagle, dei var iført kortbukser, var lyse i huda og truga til seg pengane utan å ytre eitt einaste ord. Bortsett frå butikkstyraren var det ingen andre i butikken som oppdaga kva som føregjekk.

— Kan det vere lokale folk som står bak?

— Det er minst like sannsynleg som at det har vore tilreisande, meiner Grøttebø.

— Vi må halde alle alternativ opne.

Kripos sjekka bil-sporet

Politiet har heller ikkje lukkast å finne den grå Renault Clioen som forlot Årdalstangen i minutta etter ranet torsdag føremiddag. Det er snakk om ein leigebil, og poltiet veit identiteten til dei to utanlandske statsborgarane som har leigd den. Ved hjelp av Kripos har dei to mennene blitt sjekka opp mot politiet i heimlandet sitt, og det er ifølgje Grøttebø iallefall klart at ingen av dei to har noko kriminell fortid.

— Vi har ingen grunn til å mistenke desse to spesielt, men er svært interessert i å få snakke med dei, seier han til Bergens Tidende.

— Dei køyrde frå Årdal i retning Fodnes i tidsrommet like etter ranet, og kan ha gjort viktige observasjonar.

Med så få klare spor å gå etter, må politiet no snakke med alle som kan vere vitner i saka og deretter systematisere opplysningane.

— Vi har massevis av arbeid framfor oss, seier lensmann Grøtttebø.

Kiwi-butikken i Årdal. Foto: Vegar Valde