PER MARIFJÆREN

I kjellaren på Lægreids Turisthotell ligg nemleg Shelock's Sigarbar, der folk har kunna nye sin sigarrøyk i stilfulle, rolege omgjevnader sidan staden opna dørene i 1999.

— Både overfor offentlege instansar og publikum har vi sidan starten profilert dette som ein sigarbar, og vi har investert fire millionar i interiøret og eit overdimensjonert ventilasjonsanlegg, seier innehavar Atle Lægreid til Bergens Tidende. - Konseptet med sigarbar var etablert lenge før nokon hadde høyrt om ei så restriktiv røykelov. Det finst ingen annan uteplass i heile landet som har eit bedre utgangspunkt for å søke dispensasjon, hevdar hotelleigaren.

Sigarbaren har 80 sitteplassar, og er open tre dagar i veka pluss utleige til lukka arrangement.

— Vi har fått etablert konseptet godt, og er veldig nøgde med besøket. Gjestene kan ta med seg eigne sigarar eller handle dei hjå oss, og nyt gjerne sigaren saman med ein konjakk frå baren her, seier Lægreid.

Hotellets advokat, Jan Tollefsen, vurderer sjansane for å få dispensasjon som svært gode.

— Dette er ein plass som heilt sidan starten til dei grader er innretta mot eit sigarrøykande publikum. Dette er heilt klart ei prinsipiell sak. Eg meiner at styresmaktene må kunne gje dispensasjon for å drive tilbodet vidare, og at eit slikt vedtak treng slett ikkje få konsekvensar i andre saker, seier Tollfsen. - I motsett fall vil det koste mykje å endre på lokala, i tillegg til at stresmaktene riv beina under eit godt etablert konsept som er innarbeida gjennom fem-seks år.

Tollefsen understrekar at sigarbaren er ein isolert del av hotellet, som blant anna har ein større, ordinær pub i etasjen over.

— Dette er slett ingen demonstrasjon eller protest mot røykelova. I alle andre deler av hotellet aktar Lægreid å innrette seg fullt ut etter den nye røykelova. Men sigarbaren er altså noko spesielt, meiner advokaten.

Søknaden om dispensasjon er i utgangspunktet stila til Arbeidstilsynet og helseetaten i kommunen. For Sogndal kommune er det organet Miljøretta Helsevern for Indre Sogn - representert ved miljøhygienikar Knut Evjen - som skal ta stilling til saka.

— Eg har ikkje svaret heilt klart, men kan seie såpass at lova set svært strenge krav for eventuelle disensasjonar, seier Evjen til Bergens Tidende. Han påpeikar at hans vedtak kan ankast vidare til Fylkesmannen.

Heller ikkje Arbeidstilsynet har svart på dispensasjonsøknaden frå Lægreid.