Med 17 mot 10 røyster vedtok kommunestyret i går å utsetja planane om samlokalisering og heller inngå ein avtale med Bekkjarvik Eiendom der kommunen held fram med legekontor i nåverande lokale i tre år framover.

Ordførar Helge Andre Njåstad seier til Kystradioen at det er av økonomiske grunnar at kommunen vil halda fram med to legekontor.

Knut K. Kalvenes i Høgre, som tilhøyrer mindretalet, seier derimot at det ikkje ville ha blitt dyrare dersom ein hadde samla heile legetenesta på kommunehuset på Storebø.