Styringsgruppa som har vurdert å samle dei to offentlege etatane, meiner ei slik samling vil føre til uheldig samanblanding av roller. Mellom anna har dei mange kontrollfunksjonane Fylkesmannen har, også overfor fylkeskommunen, ført til prinsipielle vanskar med ei samling.

Det var etter at kommunalministeren inviterte fylka til å gjennomføre ulik forsøksordningar, at det blei vurdert samling av det statlege fylkesmannsembetet og fylkeskommunen. I staden for samanslåing blir det no arbeidd vidare i retning meir samarbeid. I ei pressemelding heiter at slikt samarbeid kan gje like stor vinst som full samanslåing.