Det er stille, så stille, på krisetelefonen som Helse Bergen har oppretta for tilsette med rusproblem.

— Vi kan telje dei som har ringt på ei hand, seier Trond Søreide, som er konstituert personal- og administrasjonsdirektør i Helse Bergen.

Telefonen vart oppretta ved Bergensklinikkene i mars. Hit kan tilsette ringe anonymt og be om hjelp, utan at arbeidsgjevaren blir informert.

Infokampanje

No vil Helse Bergen finne ut om årsaka til at det er så stille på linja er at behovet ikkje er der, eller om tilsette rett og slett ikkje veit om tilbodet.

— Vårt klare mål er å lage ein aksjon, for å sikre at alle i Helse Bergen er klar over at dette tilbodet eksisterer.

Søreide vil intensivere informasjonsarbeidet i haust, og lovar fleire kampanjar.

I BT sundag fortalde ein tidlegare sjukepleiar i Helse Vest om sitt rusmisbruk, som tok til på medisinrommet på sjukehuset. Eit av tiltaka ho føreslår for å betre rutinane for medikamenthandtering er å opprette ein krisetelefon, slik Helse Bergen har gjort, og hengje oppslag med telefonnummeret i alle medisinrom

— Ein god ide, meiner Søreide.

— Vi vil sjå om dette er noko vi kan gjennomføre i Helse Bergen. På bakgrunn av BT-oppslaget vil vi leggje større trøkk på å gjere tilbodet betre kjent, slik at våre tilsette får den hjelpa dei treng.

Den sensitive samtalen

Direktelinja vart etablert som ledd i ei satsing på førebygging og oppfølging av tilsette med rusproblem i Helse Bergen.

Det siste året er kring 500 leiarar blitt kursa i korleis dei kan støtte opp om medarbeidarar i gode og vonde dagar.

— Kjem nokon rusa på jobb, er det lett å vite kva ein må gjere. Men er det berre vag mistanke, er situasjonen sensitiv. Då er det vanskelegare å nærme seg medarbeidaren.

Men for å ta steget og ringe krisetelefonen, seier Søreide, må medarbeidaren ofte få signal om at det er på tide å ta tak i rusproblemet.

— Generelt trur vi ikkje at det er meir rusproblem i Helse Bergen enn på andre arbeidsplassar, seier Søreide.

— Men medikament er tilgjengeleg på jobb, og konsekvensane for pasientane kan bli alvorlege. Derfor må vi som arbeidsgjevar følgje godt med.