TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noDei strengaste reglane har Israel. Alle skip som skal til israelsk hamn må skifte ballast i ope hav. I USA er det påbod om utskifting av ballastvatn for fartøy som går inn i dei store innsjøane.Også i Sør-Amerika har fleire land innført restriksjonar. I Panamakanalen er det forbod mot utslepp. Like sidan tidleg på 90-talet har hamnestyresmaktene i Buenos Aires i Argentina kravd at ballastvatn frå alle skip skal behandlast med klor. I Chile må alle skip som kjem frå område med kolera eller liknande epidemiske sjukdomar skifte ballastvatn minimum 12 nautiske mil frå kysten. Dersom fartøya ikkje klarer å bevise at ballasten er skifta, må vatnet behandlast kjemisk før det vert tømt i hamn. Miljøorganisasjonen Bellona krev no at det omgåande vert innført forbod mot tanking av ballastvatn på skip i algeinfiserte område. Bellona meiner dette må til for å hindre spreiing av giftalger frå Sørlandet til resten av norskekysten.— For å unngå munn- og klauvsjuketilstander i norsk havbruksnæring, må spreiing av giftalgar til resten av norskekysten hindrast med alle tenkelege middel. Faren for algekatastrofe er akutt, og ballastvatn frå skip er ei sentral kjelde for spreiing, heiter det i ei pressemelding frå miljøorganisasjonen.