14. november i år stod 67 bilistar fanga mellom i alt 13 jord— og steinras i Kjøsnesfjorden, utan sjanse til å komme seg unna. Neste ras kunne komme kvar og når som helst, og berre flaks gjorde at ingen vart tatt.

I dag stråla sola over Kjøsnesfjorden, og krittkvit nysnø dekka dei mange såra i landskapet.

- Uendeleg behov

For ti døgn sidan opplevde Ola Søgnesand dramaet frå andre sida av fjorden, da han hoppa i båten og redda fleire av dei innesperra ut av rasområdet.

På sin visitt fekk samferdsleministeren oppleve Kjøsnesfjorden i praktfullt vinterver – og høyre Søgnesands dramatiske historie.

Og Skogsholm måtte berre berømme innsatsen som vart gjort lokalt under dramaet, men påpeikte at værforholda var heilt spesielle på ras-dagen.

— Trongen for rassikring er enorm, sa Skogsholm.

— Ser vi på heile landet, er den nærast uendeleg. Difor må vi tenke målretta.

Det finst ingen konkrete planar for korleis strekninga eventuelt skal ytterlegare rassikrast.

— Det er også viktig å satse på dei prosjekta som allereie er planlagt. Eg har ikkje med meg pengar i dag. No har eg først og fremst lyst til å høyre om det som skjedde. Det blir eit nyttig grunnlag. sa Skogsholm.