— Det hender at folk rynkar på nasen over prisen, men det varer berre til dei kjenner smaken. Då berre smiler dei, seier Mæland.

I går selde han jordbær frå eigen åker på marknaden i samband med Tysnesfest. Seks kassar, 72 korger, gjekk unna på to timar og femti minutt. Til 40 kroner korga.

Og berre breie smil var å sjå utanfor «Hiakken» ved ferjekaien.

Utkonkurrerer austlandsbæra

- Forklaring, Mæland.

— Det har med jordsmonn å gjera. Jorda på garden i Årbakka er skredjord med mykje mineral og organisk materiale. Ideelt for jordbærdyrking. Steinane i jorda tek til seg solvarme om dagen, og held på varmen gjennom natta, seier jordbærdyrkaren.

Alt i sin fyrste sesong i faget, har han utkonkurrert austlandsbæra som kjem til kjedebutikkane på Våge. Visstnok utan at lokalkjøpmennene er blitt sure av den grunn.

Knapt to mål med jordbæråker har han på garden, men mottakinga Årbakka-bæra har fått, inspirerer til utviding. Heile 2008-produksjonen er seld lokalt, og neste år blir det meir jordbær å få frå Årbakka.

Brakk nakken

— Men eg er no berre med på kjøt og flesk, seier den tidlegare helikopterpiloten med verda som arbeidsplass. I ei ulukke for tre og eit halvt år sidan brakk han nakken.

Det er berre eit under at han i dag kan føta seg.

I dag er det sonen, som også er helikopterflygar, som driv garden med villsau og skotsk høglandsfe.

Men jordbær kan Arne Mæland selja, skjønt, Årbakka-jordbæra sel seg nesten sjølve.

Her kan du besøke BT-båten

Øivind Christensen