— Vi spanderer kaffi, bollar og rallarviser på morgonfuglane på Voss, og dei som måtte vera på Bergen stasjon ved lunsjtid, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket, region Vest.

Førebels har han berre Steinar Skaar inne som sikker visesongar, i tillegg til seg sjølv. Og Skaar har trekkspelet med.

– Men det blir andre bollar neste år, seier Hjertaas.

Han er med i komiteen som førebur 100 årsjubileet for den offisielle opninga av Bergensbanen.

Riksrett

Entusiastane som køyrer veterantog på Gamle Vossebanen mellom Garnes og Midttun, kjem ikkje til å markera 11. juli.

– Vi manglar eit damplokomotiv, og tidspunktet er ulagleg på mange vis, seier Ivar Gubberud.

Dei vil markera jubileet 14. september.

– Smålåten feiring står heilt i stil med den offisielle opninga i 1883, kommenterer Gubberud.

Han var forfattar av boka om Vosseba-nen som vart gitt ut i til 100-årsjubileet for 25 år sidan.

I juli 1883 brygga det opp til riksrett, og korkje kong Oscar II eller medlemer av regjeringa (Høgre) ville kasta glans over ei storhending i Venstredominerte Bergen.

Underbuksekomikk

Først fem år seinare kom den humørsjuke kongen for å sjå på, og reisa med, den nye smalspora jernbanen.

Han kom i godlune då han fekk handhelsa på, og snakka med, eit par bønder på Stanghelle. Stasjonsmeister Karl Sø-der hadde gøymt dei bak godshuset fordi dei arbeidde i berre underbuksene i sommarvarmen, men dei stakk hovuda såpass langt fram bak nova at kongen fekk auga på dei.

Ein gutunge som ropte «Ned med majesteten!» på Garnes, vart utstyrt med legeattest på at han ikkje var tilrekneleg, i tilfelle han skulle bli meld for majestetsfornærming. Dette dokumentet var guten stolt av resten av livet.

Tilskipinga på Garnes kom i stand med knapt fleirtal i Haus heradsstyre. Fana kommunestyre vende tommelen ned for frammøte på Nesttun, med like knapt fleirtal.

Straffegebyr

Attende i 1883 gjekk det stille for seg då Vossebanen vart offisielt opna. Rundt ti av banens «fedre» deltok på ein middag på Fleischer’s Hotell. Så kjøpte dei billett og reiste heim att.

Bystyremedelemer i Bergen vart av-krevd både billett og straffegebyr då dei tok toget til Voss om morgonen. Dei hadde tolka infoarket frå ordføraren som ei innbyding, og sette seg på beste klasse for å nyta turen.

Bakteppet var den sterke polariseringa i rikspolitikken på den tida, oppgjerd som får dagens Storting til å framstå som reine barnehagen i samanlikning.

Politisk turbulens

Venstre vann ein knusande siger i 1882, og fekk fleirtal både i Odelstinget og Lagtinget. Dermed ville utfallet av ei riksrettssak vera gitt. Og riksrett var svært så aktuelt sidan kong Oscar II heldt på Høgre-regjeringa.

Kongen vurderte å setja den svenske hæren inn mot stridbare nordmenn.

22. juni valde venstrefleirtalet på Stortinget inn to nye representantar i jernbanebestyrelsen. Høgreregjeringa nekta 30. juni å sanksjonera vedtaket. Alt låg med andre ord til rette for ei bitter riksrettssak då Vossebanen vart opna 11 dagar seinare.

I denne pressa situasjonen var det ingen vilje blant regjeringsmedlemene å sitja saman med feststemte venstrefolk på Vossebanen. Kong Oscar likte vanlegvis offisielle seremoniar, men kunne ikkje tenka seg å halda lag med venstremenn frå Bergen til Voss.

HOVUDKJELDE: Vossebanen 1883-1983 av Ivar J. Gubberud. Utgitt av Norsk Jern-baneklubb 1983

VISESONGAR OG VISEVERT: Informasjonssjef Inge Hjertaas byr på kaffi, bollar og rallarviser når Vossebanen rundar 125 år på fredag. Men det blir andre bollar neste år, når Bergensbanen fyller hundre, forsikrar han.
Arne Hofseth
SPREK JUBILANT: Vossebanen fyller 125 år på fredag.