— Studentar i Bergen vert haldne for narr. At det ikkje vert sett av midlar til å føra opp nytt stu-dentsenter er ei katastrofe for studentar i Bergen, seier leiar for Norsk Studentunion i Ber-gen, Brynjar Thorgersen, i ei pressemelding.

Studentsenteret er dimensjonert for ca 5000 studentar, og i dag skal det tene fire gonger så mange.

Det har nyleg vore arrangert arkitektkonkurranse for eit nytt studentsenter, og fleire arktekt-grupper har arbeidd fram sine forslag til eit nytt servicebygg for studentane i Bergen.

I desse dagar skal det avgjerast kva alternativ som blir valt. Det er no uvisst når midlane kjem.