I fjor registrerte Arbeidstilsynet åtte dødsfall i denne kategorien, noko gav ein dødfrekvens på 13,8 pr. 100.000 tilsette i desse yrka. Dette førte landbruk, skogbruk og fiskeri heilt til topps på 2010-statistikken over dødsrisiko i yrkeslivet.

For året 2011 ligg det an til å bli annleis: Per 20. juli i år hadde ikkje Arbeidstilsynet registrert ei einaste dødsulukke innanfor desse tradisjonelt risikofylte primærnæringane.

Opptil 17 døde i året

- Ei utruleg positiv og gledeleg utvikling. Dette har vi arbeidd mykje med, og det er fantastisk om vi no byrjar å sjå slike resultat av det, seier leiar i Norges Bondelag, vossingen Nils T. Bjørke.

Sidan 1989 har Arbeidstilsynet registrert 273 arbeidsulukker med dødeleg utgang i landbruket. Dei siste ti åra har talet dødsulukker i næringa variert sterkt frå år til år, frå fire tilfelle i 2006 og 2007 og opp til 16 og 17 dødsulukker i høvesvis 2005 og 2000. Og altså ingen dødsulukker registrert så langt i 2011.

- Det ser jo veldig bra ut så langt, seier seniorinspektør Håkon Willerud i Direktoratet for Arbeidstilsynet. - Eg vil håpe og tru at årsaka er den stadig aukande merksemda på tryggleiken i desse bransjane. Innafor landbruket har no mellom ti og elleve tusen gjennomført kursing i helse, miljø og sikkerheit (HMS).

- Skjer framleis ulukker

Willerud strekar under at statistikken ikkje er offisiell, men at dette er tala Arbeidstilsynet har registrert så langt i år.

- Eg trudde vi hadde hatt ei dødsulukke i år, men den viser seg å vere eit illebefinnande, seier han etter å ha sjekka saka. Seniorinspektøren strekar under at sjølv om talet dødsulukker no ser ut til å gå ned, så er det ingen grunn til å seinke skuldrene i arbeidet med å heve tryggleiken.

- Det skjer jo framleis ulukker i landbruket, men heldigvis ikkje så mange med dødeleg utgang, seier han. - Eg håpar no at dette er reelle tal, og ikkje berre tilfeldige svingingar.

Unge bønder, betre tryggleik

Det gjer også bondelagsleiar Nils T. Bjørke, som trur at haldningsarbeidet i bondeorganisasjonane no gjev resultat.

- Særleg dei yngre bøndene tek tryggleiken meir på alvor enn vi kanskje gjorde tidlegare. Dei er flinkare å bruke verneutstyr og å bruke belte i traktoren, passe på roterande akslingar, alt slikt, seier Bjørke. Då han var utdanna bonde på slutten av 1970-talet var tryggleiken i landbruket i ferd med å bli eit tema, men han vedgår samtidig at utviklinga har vore rivande.

- Eg har sjølv erfart kor fort det kan gå gale, og eg kjenner sjølv folk som har hatt ulukker. Vi veit alle kor viktig det er å tenkje tryggleik. Så er det om å gjere å hugse på det også i den travlaste kvardagen, seier han.

Sikrare, men framleis farleg

Sjølv om primærnæringane i ei årrekkje har vore arbeidsplassane med høgast dødsrisiko, har talet ulukker gått tilbake også her. I ein rapport har Arbeidstilsynet analysert årsakene bak nedgangen. Dei peikar på den generelle nedgangen i talet sysselsette i næringane, men meiner dette ikkje er heile forklaringa.

Påbodet om montert setebelte i traktor, og krav om bruk der det er fare for velt, er det viktigaste enkelttiltaket, heiter det. Talet omkomne i traktorvelt vart meir enn halvert etter at påbodet kom i 2002. Nye HMS-krav i landbrukets kvalitetssystem har også spela inn, samt det forholdet at tidlegare manuelt arbeid no blir utført med maskiner.

Trass i beltepåbod og færre ulukker: Traktoren er framleis den klart farlegaste maskina i landbruket, og var involvert i halvparten av alle dødsulukkene i perioden 1989 til 2008.

Hva tror du er grunnen til nedgangen? Vi vil gjerne høre dine synspunkter.