TERJE ULVEDAL

— Så langt har vi ikkje fått inn nye tips. Men sjølv om det ikkje har skjedd i dag, kan det komme. Det er ikkje alltid folk er like raske, seier lensmann Kjell Fonn.

Det var onsdag politiet gjekk ut med etterlysing av ein syklist som er høyrt i området Tåene, like ved mordstaden. Søndagsmorgonen då Anne Slåtten blei tatt av dage, høyrde ei kvinne på veg gjennom dette området ein skranglelyd bak seg. Vitnet snudde seg ikkje for å sjå kva det var, men har i avhøyrt forklart at det likna på ein syklist som bråbremsa. Ein teori er at dette var drapsmannen som blei skremd då han oppdaga vitnet, og så bråbremsa på sykkelen.

Politiet kledde onsdag opp ei politikvinne i same klede som vitnet. Håpet er at andre, ved å sjå denne kvinna, skal komme på noko dei har oversett. Men så langt har det altså ikkje skjedd.

Opplysningane det kvinnelege vitnet har gitt politiet, passar godt saman med ein observasjon gjort ved Fossebrua same morgon. Der er ein person sett syklande mot sentrum. I tid stemmer observasjonane overeins. Vitnet ved Fossebrua har fortalt at klokka var kring 07.10 då ho såg syklisten. Ved Tåene er det snakk om rundt fem minutt seinare. Syklisten ved Fossebrua har vore etterlyst lenge, men har ikkje meldt seg.

Politiet har halde observasjonen ved Tåene hemmeleg, utan at dei vil seie anna enn at det er gjort av omsyn til etterforskinga.

— Sit politiet på fleire vitneobservasjonar som ikkje er gjort kjende, Fonn?

— Vi driv no og går gjennom alt materialet, og så får vi sjå om vi kjem til å gå ut med fleire ting.

— Det betyr altså at det finst andre observasjonar?

er sett gåande like ved mordstaden omtrent på - Som sagt, det vil vi komme tilbake til.

Politiet har også lenge etterlyst ei kvinne som den tid drapet må ha skjedd. Men heller ikkje denne kvinna har meldt seg.