Det har så langt ikkje kome nye observasjonar etter at tre personar melde frå om at dei såg ein bjørn ved riksvegen mellom Førde og Florø fredag kveld. Dyret stod på to bein i vegkanten på ein av dei mest trafikkerte riksvegane i fylket, mellom Svarthumle og Sæterli på Florasida av Naustdalstunnelen.

Sikker

— Eg er heilt sikker på at det var bjørn, og det er også dei to andre i bilen, fortalde Sigrid Irene Kjær Berentsen.

No ber Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Statens naturoppsyn (SNO) folk melde frå fort, dersom dei meiner å ha sett rovdyret.

— Vi ber om at folk tek kontakt så raskt som råd, gjerne direkte med SNO, seier viltforvaltar hos Fylkesmannen, Hermund Mjelstad.

Han trur det fort kan kome melding om skadde husdyr, dersom det er bjørn i området. Hausten nærmar seg, og normalt vil då sauer på beite ta til å trekkje ned frå fjellet.

Trur på observasjonen

— Erfaringa tilseier at bjørnane som siste åra har funne vegen inn i Sogn og Fjordane, har gått til angrep på husdyr. Då snakkar vi først og fremst sau. Faren for at det vil skje også denne gongen, er difor rimeleg stor, seier Mjelstad.

Den oppfatninga deler SNO.

— Det vi har sett er at når det kjem rovdyr inn i eit område, er det vanleg at det skjer tap, seier rovviltkontakt Finn Olav Myhren.

SNO var måndag på staden og leitte etter bevis for at det hadde vore bjørn på staden, utan å finne noko. Myhren sa i dagens utgåve av Bergens Tidende at dei store nedbørsmengdene i helga truleg har sletta eventuelle spor. Han avviser ikje at det kan ha vore bjørn dei tre i bilen såg:

— Vi har ingen grunn til å trekkje observasjonen i tvil.