I Høyanger kan ein ny hall med moderne teknologi for aluminiumproduksjon etter at Hydro har stoppa moderniseringsplanane, ikkje stå klar til 1. januar 2007. Det slår plassjef ved aluminiumverket, Bjørn Furseth, kategorisk fast:

— Bygginga av ein ny hall må konsekvensutgreiast. Det vil ta kring eitt år. I tillegg kjem byggjetid på 18 månader. Når vi no har fått beskjed om leggje vekk alt arbeid med modernisering, er konsekvensen at vi ikkje kan ha ein ny hall klar til 1. januar 2007.

Både i Høyanger, Årdal og på Karmøy skjer deler av Hydros aluminiumproduksjon med Søderberg-teknologi. Dette er ein gammal og sterkt ureinande produksjonsmetode. Konsesjonen for å drive Søderberg-anlegga går ut 1. januar 2007. Miljøstyremaktene har gjort det klart at industrikonsernet ikkje får utsett denne fristen.

I gårsdagens utgave av Bergens Tidende sa kjemisk-tillitsvald Odd Arne Fodnes i Årdal at dersom det ikkje blir noko erstatning for Søderberg-teknologien, er det eit signal om at aluminiumverka ikkje har noko framtid innan Hydro-konsernet.

Men plassjefen i Høyanger avviser bestemt at avgjerda om å stoppe alt arbeid med modernisering av metallverka for Høyangers del kan karakteriserast som ein dødsstøyt:

— Vi er i den situasjon at bygging av ein ny hall vil måtte føre til at Søderberg-anlegget blir stengt. Den nye hallen skal byggjast på same tomta som Søderberg-hallen står i dag. Her i Høyanger vil det vere ei fullgod løysing om vi står klare til å starte bygginga av ein ny hall når det gamle anlegget blir stengt, seier Bjørn Furseth.