— I august feira eg at det var 50 år sidan eg kom hit første gong. Feiringa var mest i mitt indre, men eg er veldig fornøgd med at eg vart verande her.

Agnar Sandmo, nypensjonert professor og samfunnsøkonom ved NHH, snakkar pasjonert om sin by, Bergen - på sobert austlandsk. Litteraturprofessoren frå UiB på andre sida av bordet er samstemt i sin analyse.

— Bergen er min by, slår Ellen Mortensen fast, på nordnorsk, 35 år etter at ho kom for å studere på fakultetet nokre steinkast unna restaurantbordet.

Sandmo er fødd og oppvaksen i Noregs eldste by, Tønsberg - Mortensen i «eit vegkryss i Nordland som heiter Fauske», som ho omtalar det med nordnorsk sjølvironi, eller er det bergensk? Sandmo flytta vestover då han var 20, Mortensen sørover som nittenåring.

Hvor mye vet du om Bergen? Prøv vår quiz!

Tonen

Dei hadde høyrt litt av kvart om Bergen og bergensarane, kven har ikkje det? Noko viste seg å stemme, noko stemte delvis, og noko stemte ikkje i det heile.

  • Første gongen eg kom hit, vart eg fortalt at Bergen var ein ekskluderande by. Men det har eg aldri opplevd. Eg har vore med i mange ulike miljø, og det har alltid vore lett å vere med, seier Sandmo.

Å kome som student gir kanskje ein mjuk start. Norges Handelshøgskule og Universitetet i Bergen er bergenske kjerneinstitusjonar - stappfulle av innflyttarar.

— Det er eit veldig samansett miljø. Kanskje påverkar det opplevinga av byen at ein arbeidar ved ein slik innflyttarpost, seier Sandmo.

— Mangfaldet ved universitetet er noko av det som gjer Bergen spennande. Det har aldri vore ein faktor kvar eg kjem ifrå, seier Mortensen.

Den direkte bergenske tonen kan vere sjarmerande og få ein nordlending til å kjenne seg heime. Men ikkje alltid.

  • Då eg søkte på min første hybel i 1973, ringde eg på ein annonse i Starefossen, presenterte meg og spurte om hybelen framleis var ledig. Dama svarte: «Vi tar ingen nordlandstøs her, takk»! Så la ho på.

Hva vet du om navn i Bergen?

Turist i 50 år

Nordlendingar og bergensarar har ei lang felles historie. Bergensarane var kremmarane, nordlendingane dei tilreisande råvareleverandørane.

— Dei var avhengige av kvarandre, men nordlendingane var dei underdanige. Mykje av dette er utvaska i dag. Men eg opplever framleis at folk hermar etter meg når dei høyrer dialekten, fortel Mortensen.

Ho vart verande og tok utdanning, drog til USA på forskingsopphald i til saman ni år, før ho kom tilbake.

— Opplevinga av å vere innflyttar har også med kvar du kjem ifrå, seier Sandmo. Oppvekst ved Oslofjorden framkallar andre assosiasjonar.

  • Vi er ikkje underdog , kanskje meir det motsette, maktas sentrum, eller noko slikt.

Som austlending har Sandmo også blitt herma etter og tatt for å vere turist eller besøkande som kom i går. Ei dame ønskte han «eit godt opphald i Bergen».

— Då måtte eg jo seie som sant at dette opphaldet no har vart i 50 år.

Austlandsdialekten kan føre til følgjande situasjon: Han går inn i ein butikk i sentrum, dei har ikkje det han spør etter, og får råd om å prøve Wallendahl «som ligg bort den gata der, rett fram og så til venstre».

— Då blir eg oppgitt. Eg veit mykje betre enn dei fleste innfødde kva gatene heiter i denne byen og kvar dei går. Det er ei æressak for meg.

Brann-Eik 1-0 (0-0)

Samfunnsøkonomen rasjonerer med dei siste bitane av gulrotkaka og innrømmer at han blir ein smule såra.

— Men du må ikkje leggje så stor vekt på desse historiene. Eg opplever det som uproblematisk å vere austlending i Bergen, legg han til.

Nordlendingen samtykkjer.

— For det meste kjenner eg meg vel som nordlending i Bergen. I den grad eg har følt meg utstøytt, er det av det høgborgarlege miljøet. Det er ikkje så stor forskjell på den folkelege bergensaren og nordlendingen. Begge er joviale, opne og litt bramfrie. Eg kommuniserer med kjuagutt-bergensaren.

— Mange av dei er på stadion, kommenterer Sandmo. Han er der ofte.

Den store testen stod i 1983, då gamleklubben Eik frå Tønsberg var i toppserien og skulle møte Brann.

  • Eg visste ikkje kven eg heldt med før eg såg laga kome ut på banen. Då visste eg det. Det var Brann.

Mortensen er ikkje ofte på fotballkamp, faktisk aldri, men held med Brann. Og Bodø/Glimt. Og Tromsø.

Det er altså mogleg for to opplyste menneske å ha fleire identitetar på ein gong i 2008?

— Ja seier Mortensen.

  • Ja, seier Sandmo.

Men så var det dette ordet .

— Eg vil aldri finne på å seie at eg er fråBergen, og langt mindre at eg er bergensar. Det at du har dine formative år ein stad, gjer at du høyrer til. Og dialekten er avgjerande, seier Mortensen.

Ordet

Ho var fire då ho kom frå Brønnøysund til Fauske, reiste til Bergen 15 år seinare og vandra vidare til USA og til Tromsø.

  • Då eg kom tilbake til Nord-Noreg frå USA i 1989, var det den nærast ubevisste sanseopplevinga som slo meg. Omgivnadene, havet, lyngen, jorda, slike ting som ligg djupt i ein.

Sandmo er nærast når han er borte.

— Det er naturleg å svare Bergen, når folk i utlandet spør kvar i Noreg eg er ifrå. Men ikkje når eg blir intervjua av Bergens Tidende. Det er noko veldig spesifikt knytt til det å vere bergensar, ein sterk identitet. «Bergensar»er eit veldig markant ord. Min posisjon har mykje å gjere med korleis andre oppfattar dette ordet. Eg seier helst at Tønsberg er fødebyen og Bergen heimbyen.

Sandmo og kona har fått spørsmål om dei ikkje skal flytte tilbake, no når dei har blitt pensjonistar.

  • Det er ein frykteleg dårleg ide. Det er ikkje slik at dei gamle vennene står og ventar på deg etter 50 år. Vi har budd i Bergen i så mange år no, seier Sandmo.

Paradokset

Medan Mortensen framleis har familie i den nordlege landsdelen, har Sandmo ingen band til Tønsberg. To av tre barn bur i Bergen, den tredje dyrkar bergensaren i seg i Oslo.

— Dei fleste bergensarar er ikkje «ekte» bergensarar i dag. Slik sett er det eit paradoks at vi vegrar oss for å seie at vi er bergensarar, kjem Mortensen fram til.

Snart skal ho ein tur nordover. Snart kjem ho tilbake.

— Det er her jeg hører til, seier Agnar Sandmo.

  • Det e' her æ høre tell, seier Ellen Mortensen.
AKADEMISK: Akademikarane Agnar Sandmo og Ellen Mortensen har argument både for og imot, men konklusjonen er at dei har funne seg vel til rette i det bergenske.
Helge Skodvin