VIDAR YSTADOsloDet opplyser politiadjutant Inger Mysen Conradsen ved Telemark politidistrikt til Bergens Tidende. Derimot opplyser Conradsen at ein del av etterforskinga er retta mot Terje Søviknes, som har status som mistenkt.Fem dagar etter at Cathrin Rustøen sleppte katta ut av sekken på årsmøtet i Hordaland Frp, har ingen av jentene som skal ha blitt utsett for seksuelle overgrep i Frp/FpU meldt forholdet til politiet.Etterforskinga vart starta måndag ved Telemark politidistrikt. Dei etterforskingsskritt som måtte skje ved andre politidistrikt, skjer på oppmoding frå Telemark. — Etterforskinga blir styrt herifrå sidan det er i vårt distrikt dei påståtte straffbare handlingane skal ha skjedd, seier Conradsen.Kva for etterforskingsskritt som vil bli tekne, vil Conradsen ikkje seie noko om. Ho ber innstendig om arbeidsro for politiet.- Er det aktuelt å avhøyre leiinga i Frp?- Det eg kan seie er at vi ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å avhøyre fleire personar i Frp. Men om det skjer, kven vi vil avhøyre og kvar og når det vil skje, vil vi ikkje seie noko om, seier Conradsen.Ho stadfester at avhøyr er sentralt fordi det ikkje ligg føre andre former for prov. Politimeister Rolf B. Wegner i Bergen har opplyst til Bergens Tidende at det ikkje er aktuelt for politiet i Bergen å iverksette etterforsking i saka.

Se også: BTs samleside om Frp-skandalen