— Overgangsordninga for store fylkesvegprosjekt har mist mykje av sin dynamikk. Sjølvsagt kan det vera mogleg å lyfta Jondalstunnelen opp, men eg trur dei treng gode lobbyistar, dei som vil ha ei ekstra statleg løyving til Jondalstunnelen, seier Odd Holten til Bergens Tidende.

Tronge rammer

Hordaland fylkesting har Jondalstunnelen som sitt fremte fylkesvegprosjekt, men har sett som vilkår at staten skyt til 50 millionar kroner.

Holten understrekar at rammene er tronge, sjølv om regjeringspartia vil prøva å få 600 millionar kroner meir årleg inn i samferdslebudsjettet i høve til Nasjonal Transportplan.

Berre på turen i Hordaland har vi høyrt om ei rad tunnelar og andre store vegprosjekt som fylket vil ha. Og i resten av landet er det likeins. Men rammene aukar ikkje av den grunn, seier Holten.

Det er Stortinget som har vedteke overgangsordninga for 3-4 store fylkesvegprosjekt i samband med at statstilskotet på normalt 50 millionar kroner fell bort. Men komitemedlem Bjørgulv Froyn, frå Ap og Oslo, vedgår tvil om at ordninga eigentleg medfører ekstra pengar, eller om fylkesvegprosjekta må henta pengane frå den potten fylket får til riksvegar.

Gjorde inntrykk

— Men det har gjort inntrykk å sjå den store store lokale biten av finansieringa for tunnelen. Det gjeld både bompengar og dei kommunale bidraga. Slikt verkar positivt for prosjektet. Eg stiller meg open for Jondalstunnelen, men kan ikkje lova noko, seier Froyn.

Dermed verkar Arbeidarpartiet på Stortinget mindre sikker for Jondalstunnelen enn partifellene i Hordaland har gjeve inntrykk av.

Komiteleiaren, Petter Løvik frå Høgre, vaktar seg vel for å låsa seg til det eine eller det andre.

— Vi er komne til Hardanger for å få vita meir om kva som er dei verkelege problemstillingane på vegsektoren. Så får vi etterkvart sjå alt i samanheng, og finna fram til kva som er det fornuftigaste.