Det var i mars at KNM "Tyr" lokaliserte vraket av den tyske ubåten på 150 meters djup, om lag to nautiske mil vest for Fedje. Dei første videobilda frå vraket vart tatt i slutten av september.

Liten akutt fare

— Utfrå bilda vurderer vi at vraket er i relativt god forfatning. Det er ingen synlege lekkasjar, seier direktør ved beredskapsavdelinga i Kystverket, Tor Christian Sletner.

Det er dels gjennom ubåthistoriske kjelder i Tyskland og dels frå Sjøforsvaret at Kystverket har fått informasjonen om at den 87,5 meter lange ubåten kan ha hatt opp til 70 tonn metallisk kvikksølv ombord. Kvikksølv er ei alvorlig miljøgift, og kan bli tatt opp i næringskjeda dersom den lek ut i havet.

— Eg kan ikkje seie noko om kor sikre desse opplysningane om kvikksølvlasta er, seier Sletner. - Men slik vraket ser ut, så vurderer vi uansett den akutte ureiningsfaren som liten. Men vi kjem til å setje mykje inn på å granske denne saka vidare, og vi vil gjer alt slik at folk langs kysten skal kjenne seg mest mogeleg trygge.

Tysk stål

Sletner opplyser at Kystverket i dag vil ta kontakt med Sjøforsvaret for å få bruke kystvaktskipet KNM "Tyr" til ytterlegare undersøkingar av vraket.

— Vi har video som viser eit par stålflasker av den typen som kan innehalde kvikksølv, liggande like ved vraket av U864. - Dei ser ut til å vere i relativt god forfatning etter rundt 50 år i sjøen, og er ifølgje tyske kjelder produsert i ýsvært godt stål.

Ifølgje Sletner har Kystverket innleia samarbeid med både Sjøforsvaret, fiskeristyresmaktene, Havforskingsinstituttet og Statens forurensningstilsyn. Målet er å finne ut kva U864 inneheld, kva forfatning den er i og kor stor faren for lekasjar er.

— Sjølv om vi ikkje vurderer faren som akutt, og dette ikkje er noko hastesak, så vil vi gjere ein grundig gjennomgang på dette, seier han.

ýShameful periscope drillý

Alternativa å fjerne den giftige lasta, forsegle den eller å late den inntil vidare bli liggande i kontrollerte former.

FOTO: KNM "TYR"