EYSTEIN RØSSUM

Det er konklusjonen til fylkeslegen i Hordaland, Helga Arianson.

Kommandørkaptein Jan Sommerfelt-Pettersen sa til Dagbladet i mars at 39-åringen «var ikke i nærheten av å tilfredsstille kravene for tvangsinnleggelse». Bakgrunnen var at marineoffiseren vart permittert frå stillinga si i Sjøforsvaret kort tid før drapet, på grunn av fleire personalsaker.

39-åringens forsvarar, Brynjar Meling, likte dårleg at Sommerfelt-Pettersen uttalte seg på denne måten, og klaga Sommerfelt-Pettersen inn for fylkeslegen for brot på teieplikta han er underlagt som lege.

Var ikkje pasient

Sommerfelt-Pettersen har vist til at 39-åringen aldri var pasient hos han, og meiner seg dessutan feilsitert av Dagbladet.

Fylkeslege Arianson legg til grunn at sanitetsinspektøren uansett ikkje har uttalt seg om ting han har fått innsyn i som lege i Forsvaret. Ho meiner difor at teieplikta heller ikkje er brote.

Den 39 år gamle marineoffiseren nektar framleis å la seg avhøyre av politiet. Etterforskarane ventar nå på konklusjonen frå dei to rettspsykiatrane som skal vurdere den mentale helsa hans. Dei har fått frist til 18. juni med arbeidet sitt, og etterforskingsleiinga reknar med å sende saka vidare til statsadvokaten kort tid etter denne datoen.

Var hissig rett før drapet

39-åringen har heile tida hevda at han ikkje hugsar noko frå dagane og timane før drapet, og nektar all skuld. VG skreiv torsdag at mannen rett før drapet var inne i forretninga Allkopi i Lars Hilles gate, der han kopierte ein bunke rettsdokument. Han skal ha vore svært stressa og hissig.

39-åringen og Ingse Merete Rønnestad skulle møtast i Bergen tingrett i ei tvistesak då Rønnestad vart avretta med fleire skot i parkeringshuset City Park, få meter frå tinghuset i Bergen.