Dei har kome med eit kveldsfly, hatt med seg ei flaske eller to for mykje, og gjort som lova seier: Gått på raud sone for å gjere opp for seg. Men i staden for tollarar har dei reisande møtt ein liten plakat: «Tollvesenet har ekspedisjonstid mandag-fredag 08.00-15.30», følgd av ei oppmoding på engelsk om å kontakte tollarane på dagtid.Dermed er det å rusle ut med godsakene, ta med varene heim — og setje av ein time eller to av arbeidstida for å avleggje tollvesenet eit besøk. - Vi innførte systemet i mai, for å få betre fleksibilitet, seier tolldistriktssjef Ivar Sletten. - Kor mange er det hittil som har troppa opp på dagtid for å betale avgiftene sine?- Vi har dessverre ikkje noko talmateriale på akkurat det. - Men skjer det ofte, har du inntrykk av?- Eg veit ikkje. Men vi har eit håp om at dei som ønskjer å betale avgiftene faktisk gjer det, sjølv om dei ikkje kan få gjort det med ein gong dei kjem, seier tolldistriktssjefen. Det same systemet har vore praktisert i Stavanger ei god stund. Heilt trygg på ikkje å møte tollarar etter klokka 15.30 går det dessutan ikkje an å vere.