To menn og ei kvinne enda på sjukehus etter biljakta som skjedde i Årdal laurdag 29. mars i år. Like før kollisjonen hadde ei politipatrulje jakta på ulukkesbilen med blålys og sirener.

Ikkje straffbart

— Vi har gjort ei grundig etterforsking, og konkluderer med at saka bør leggast bort fordi vi ikkje har funne noko straffbart forhold, seier sorenskrivar Steinar Velle, leiar for påtalemakta sitt særskilde etterforskingsorgan for politisaker (Sefo).

Velle meiner at etterforskinga har vore grundig. Han peikar på at Sefo har vore i Årdal to gonger i løpet av etterforskinga, eine gongen dagen etter ulykka.

— Vi har avhøyrt 12 vitne, der fleire var godt oppe i situasjonen og har gjort gode observasjonar. Vidare har vi vore på to synfaringar, der vi har gjort ei trinnvis vurdering av det som skjedde frå biljakta starta til kollisjonen skjedde, seier han.

Hovudpoenget bak Sefo-konklusjonen er at biljakta vart avslutta i god tid før sjølve kollisjonen skjedde.

— Vi har rett og slett ikkje funne noko grunnlag for å kople saman biljakta og kollisjonen, seier Velle.

Erfarne politifolk

Dermed støttar etterforskinga dei to polititenestemennene sin versjon av det som skjedde.

Det var under rutinemessig patruljekøyring om kvelden laurdag 29. mars at ein Toyota personbil nekta å stoppe på signal frå politiet. Politiet slo på blålys og sirener då dei la seg på hjul etter bilen i retning Øvre Årdal. Då dei kom inn i tettbygd strok avbraut dei forfølginga, men 18-åringen foretok likevel ei desperat forbikøyring og frontkolliderte med ein møtande Mitsubishi personbil i krysset Storevegen/Utlavegen.

Den 18-årige sjåføren hadde ikkje førarkort, og er mistenkt for å ha køyrt i påverka tilstand.

Han pådrog seg alvorlege skader i ulykka.

— Politipatruljen bestod av to svært erfarne betjentar ved Årdal lensmannskontor. Det var ei lang biljakt og derfor relativt vanskeleg å etterforske. Men vi har fått vurdert det som skjedde steg for steg, og sender no saka over til statsadvokaten med tilråding om at den blir langt vekk, seier Steinar Velle.