408 ja— mot 243 nei-røyster gav måndag ikkje det naudsynte to tredels fleirtal for å skyta inn pengar i trafikktrygginga på øya til Halsnøytunnelen står ferdig i 2008 med ein kraftig trafikkvekst som følgje.

15 millionar kroner frå kraftlaget ville ha utløyst ein tilsvarande sum frå Kvinnherad kommune, i tillegg ville Statens vegvesen truleg ha lagt på bordet like mykje pengar som Fjelberg Kraftlag og kommunen.