Terra Securities sponsa i årevis kommunetoppane i Bremanger sine turar til fleire europeiske storbyar.

Kommunalbanken, KLP og Kommunekreditt har betalt for liknande turar for ei rekke rådmenn, blant anna i Nordfjord.

Ingen ville ha kurs

Den siste veka har NRK Sogn og Fjordane kjørt fleire saker om korleis rådmenn, og ofte konene deira, har reist Europa rundt på turar sponsa av kommunens banksamband. Debatten om dette er smøring, eller ein heilt akseptabel praksis, går no høgt

Før jul sende 1.-amanuensis ved Universitetet i Bergen, Eilert Jan Lohne, tilbod til alle kommunar i fylket om eit to timars intensivkurs i etikk. Lohne tok sin doktorgrad på nettopp temaet etikk i lokalpolitikken, og var sentral i blant anna utforminga av Kommunenes Sentralforbunds (KS) såkalla etiske normalreglement.

– I Sogn og Fjordane har ingen kommunar tatt imot kurstilbodet, dei fleste har ikkje svara. I Hordaland har eg vore og halde kurs i Kvinnherad, seier Lohne.

I strid med KS-reglement

KS` etiske normalreglement, som vart lansert på 1990-talet, er ein «mal» til hjelp for kommunane i arbeidet med å utarbeide og vedta sitt eige etiske reglement.

Ein av paragrafane i KS-malen omhandlar såkalla smørjeturar.

– Her står det klart at ein folkevald eller kommunetilsett ikkje skal dra på reiser betalt av private firma. Skal det gjerast unntak, må politikarane vedta dette spesielt, seier Lohne, som har 26 år bak seg i Bergen bystyre og var sentral i utforminga av etikkreglementet i kommunen.

Han meiner betalte eller kraftig sponsa turar klart er i strid med føringane som KS har gjeve.

– Slett ikkje alle kommunar har vedteke etisk reglement. Hadde ein hatt klare og greie reglar å halde seg til, ville dette vore enkelt å finne ut av for både folkevalde og administrasjon, seier Lohne.

Då Bergen vedtok sitt reglement, var all sponsing og gåver over «ubetydeleg verdi» bannlyst. På 90-talet vart denne grensa sett til verdi tilsvarande 300 kroner.

Prosess, ikkje regelverk

Det KS-oppnemnde Kommunesektorens Etikkutvalg arbeider for tida med å revidere etikkarbeidet i organisasjonen.

– Dei normreglane vi har hatt til no, vart ofte adopterte og vedtekne direkte av kommunane. Vi har sett at det er blitt lite jobbing med problemstillingane, seier fagsjef i KS, Svein Kamfjord, som også er sekretær for etikkutvalet.

Utvalet fekk KS-reglementet oversendt i fjor haust, og har det for tida under behandling.

– Utvalet er oppteke av at det blir ein prosess rundt dette ute i kommunane, seier Kamfjord.

– Dette må til for å føle eigarskap til reglementet, og få fokus på korleis dei med ansvar for fellesverdiane skal te seg. Utan diskusjon rundt dette, overlet ein jo til den einskilde å ta avgjerda rundt rett eller gale. Og då er sjansen stor for å trø feil.

Kamfjord trur utvalet kjem til å vere skeptisk til at KS skal kome med eit nytt sett normreglar.

– Det blir heller eit slags rammeverk som kommunane må jobbe innanfor, seier han.