Høgsterett vil ikkje behandla Grødem sin rettskamp mot Oslo kommune etter at ho mista dottera i ein brann i hovudstaden.

Ei mistyding i Oslo Brannvesen gjorde at Irlin Hunstad Grødem (27) altfor seint blei henta ut frå den brennande blokka på Årvoll 8. januar 1998.

Brannvakta hadde over telefon tydeleg bede henne venta på hjelp i loftshusværet. Men først 35 minutt etter at brannmannskapa trudde at alle i huset var berga ut, blei 27-åringen funnen livlaus på hybelen sin. Lydbandopptak av Irlin Hunstad Grødem sin fortvila samtale over naudtelefonen har vore lagt fram som bevis i saka.

Ønskte millionbot

Politi og påtalemakt ønskte å ileggja Oslo kommune ei bot på ein million kroner for den mangelfulle kommunikasjonen som blei avdekt i brannetaten. Oslo tingrett frifann kommunen for ansvar, men tillet Marit Grødem å få advokatutgiftene sine dekt.

Sist haust frifann også Borgarting lagmannsrett Oslo kommune, og konkluderte med at Irlin ville ha døydd utan omsyn til korleis brannetaten sine kommunikasjonsrutinar var. Dermed fråtok lagmannsretten Marit Grødem også retten til å få dekt saksutgiftene sine.

I og med at Høgsterett sitt kjæremålsutval no har avvist at straffesaka kan takast opp i landets øvste rettsinstans, blir Borgarting-dommen ståande.

— Har ikkje råd

— No har det gått sju år sidan Irlin døydde, og eg har ført ein fånyttes kamp mot mektige Oslo kommune. Eg har ikkje råd til dette lenger, seier Marit Grødem, som har pantsett huset for å makta advokatrekninga på 213.000 kroner og andre utgifter som dottera sitt dødsfall i Oslo har påført henne.

Den einaste trøysta Grødem sin advokat Frode Sulland har til klienten sin, er at han vil prøva å få gjennomslag for fri rettshjelp til å føra det borgarlege rettskravet - erstatningsspørsmålet - vidare.

— Om eg ankar den saka, er heilt avhengig av at eg får fri rettshjelp, seier Grødem.