— Vi har ingenting imot at det blir sett ned ein norsk kommisjon eller ei norsk arbeidsgruppe som granskar ulykka, seier Sigfried Ottinger, som representerer flaggstaten Antigua og Barbuda i «Rocknes»-saka.

Etter det internasjonale regelverket er det den karibiske øystaten som har ansvaret for å etterforske forliset. Men tyske Ottinger har allereie bedt Noreg leie arbeidet med å finne ut kva som gjorde at «Rocknes» gjekk rundt.

Dersom Noreg i tillegg vil setje ned ein eigen kommisjon eller ei arbeidsgruppe for å trenge enda djupare ned i materien, vil Ottinger gjerne samarbeide.

— Vi har ingenting å skjule. Ein norsk kommisjon vil sjølvsagt få tilgang til all informasjon vi måtte ha. Vi vil ønskje eit slikt initiativ velkomen, seier Ottinger, som gjennom firmaet Marcare GmbH i Bremerhaven har tatt på seg rolla som sjøfartsinspektør for den ørvesle øystaten. Han har sjølv avhøyrt elleve overlevande i Bergen, men ventar elles på politiets dokumentasjon og på den engelske omsetjinga av protokollen frå sjøforklaringa i Bergen.

Konstruksjonen sentral

Noreg har ennå ikkje bestemt korleis Rocknes-ulykka skal granskast.

Politiet er i gang med si etterforsking, assistert av sjøfartsinspektør John Ramsøy i Bergen. Hovudmålet her er å finne ut om norsk og internasjonalt lovverk er følgd. Politiet har ansvaret for å samle inn bevis - blant anna datautstyr frå havaristen, som kanskje kan gje svar på korleis båten var lasta og korleis det vart navigert.

Eit anna spørsmål er om konstruksjonen av «Rocknes» var forsvarleg, ikkje berre i forhold til det gjeldande regelverket, men også med tanke på om krava til slike båtar er strenge nok.

— I slike spørsmål er systemet med sjøforklaring og politietterforsking ikkje godt nok, seier professor i sjørett Erik Røsæg, som lenge har ønskt seg ein fast undersøkingskommisjon til sjøs.

— Noreg står heilt fritt til å granske akkurat slik vi vil, seier Røsæg.

Lovar å snu alle steinar

Både EU-kommisjonen og FNs sjøfartsorganisasjon IMO har allereie gitt beskjed om at dei vil ha full orientering om alle sider ved ulykka.

Næringsminister Ansgar Gabrielsen sa i Stortinget onsdag at «ingen stener skal være usnudde når det gjelder hva som var foranledningen til at det kunne skje», men har ennå ikkje bestemt korleis arbeidet skal organiserast.

Sjøfartsdirektør Rune Teisrud har sett sine eigne fagfolk til å rekne på «Rocknes»' stabilitet, men vil elles ikkje kommentere korleis han meiner «Rocknes»-mysteriet best kan løysast.