TERJE ULVEDAL

Dei fire er sett på gangvegen frå sentrum i retning folkehøgskulen same natta som Hedda Karterudseter (19) blei kvelt. Eit vitne har fortalt at to jenter og to gutar gjekk i retning folkehøgskulen ein gong mellom klokka to og tre om natta. Ei av jentene hadde ei lys jakke, dei andre tre var alle kledd i mørkt.

— Vi håpar dei vil melde seg i løpet av dagen, seier politiadvokat Knut Broberg. Politiet understrekar at dei ønskjer kontakt med dei fire som vitne i saka.

I dag får politiet dei første analyseresultata av det tekniske materialet åstadgranskarane fann på hybelen til den drepne 19-åringen, og i bustaden til den sikta 35-åringen frå Somalia.

Politiet vil no vurdere om dei vil gå ut med informasjon om funna som er gjort på drapsstaden, men det i så fall tidlegast skje i morgon.