Årsaka er at Johansen med si skrantande helse har flytta til Spania og ikkje lenger er medlem av den norske folketrygda.

Svak helse

Bjørnulf Johansen utførte dykkaroppdrag for oljeselskap på britisk og norsk sokkel frå 1963 heilt til han blei vurdert som for gammal i 1989. I 1997 tok ein spansk lege dykkarsertifikata frå han grunna svak helse.

Fleire av Bjørnulf Johansens tidlegare dykkarkollegar er døde. Andre har fått opptil 750.000 kroner i erstatning av Statoil. Utan trygd fell Johansen utanom både den statlege erstatningsordninga på inntil 200.000 kroner pr. mann og Statoils tilbod om 750.000 kroner.

Oppgitt

— Eg ber ikkje hatske tankar. Men eg er litt oppgitt. I det minste burde eg fått tilbod om ei skikkeleg medisinsk undersøking, seier Bjørnulf Johansen til Bergens Tidende.

66-åringen gifta seg i 1991 med ei spansk kvinne og flytta til Gran Canaria. Han er utan trygderettar, og lever av kona si inntekt.

— Eigentleg er eg hundre prosent ufør. Høyrselen er dårleg, det same er lungene. Eg har høgt blodtrykk og leddsmerter. Eg er ikkje i tvil om at det skriv seg frå dykkinga, men dette er ikkje skikkeleg undersøkt, seier Johansen.

I 1997 drog han til Noreg for å søkja arbeid medan kona var sjuk. Han skada seg i ein fot, og søkte seinare om uføretrygd. Søknaden blei avslått, han har også tapt i trygderetten og er avhengig av fri rettshjelp for å anka til lagmannsretten. Uføretrygd var inngangsbillett til kompensasjonen på 200.000 kroner som staten ved Rikstrygdeverket i fjor tilbydde helseskadde nordsjødykkarar.

- Ikkje helt

— Eg ser ikkje på meg sjølv som ein helt etter innsatsen for Olje-Noreg. Eg valte det sjølv, og vi gjorde jobben vår, meiner Bjørnulf Johansen.

Nordlendingen var sjømann før han tok til med dykking i marinen i 1956. Han tok til som sivildykkar i 1962, og har seinare arbeidd blant anna ved oljeraffineria på Slagentangen og i Risavika, under snuinga av Alexander Kielland-plattforma, bygginga av Gullfaks- og Statfjord-plattformene, Ekofisktanken og gassrøyrleidningen til Kårstø.

fakta/dykkererstatning

Etter lang tids strid innvilga staten i fjor erstatning til uføretrygda nordsjødykkarar med særskilte helseproblem. 63 av 76 som søkte fekk i alt utbetalt 12 millionar kroner, maksimum 200.000 pr. mann

Statoil etablerte i fjor på eige initiativ ei erstatningsordning til nordsjødykkarar som øydela helsa si på jobben. Vilkåret er medlemskap i norsk folketrygd. 168 søknader kom inn. Av 96 behandla er 86 innvilga, dei fleste med maksimalutbetaling på 750.000 kroner pr. person.

Alle personar busette i Noreg er pliktige medlemmer av folketrygda. Busetting i landet inneber opphald som er meint til å vara eller har vart i minst 12 månader. Pliktig medlemskap opphøyrer for personar som tek opphald i utlandet i meir enn 12 månader. Nordmenn som dreg til utlandet kan søkja om framleis medlemskap i folketrygda

DYKKARPIONÉR: Dykkarveteranen Bjørnulf Johansen (66) lever frå hand til munn i Spania og må sjå langt etter erstatningar som andre helseskadde nordsjødykkarar er innvilga.
FOTO: PRIVAT