• Prioritering av rassikringstiltak er ingen eksakt vitskap, men ein del kriteriar har etter kvart festna seg, seier senioringeniør Arnfinn Ansok i Statens Vegvesen Hordaland.

Rasfrekvens, kor ofte det går ras over ein veg, er eit viktig kriterium. Di fleire ras, dess større sjanse for at menneskeliv går tapt, og dess meir ressursar må Vegstellet bruka for å halda vegen open.

Men også trafikkmengd, vegstatus og kor viktig vegen er som transportåre, tel med.

Veitastrond i Sogn er eit døme på høg rasfrekvens, ingen nasjonal eller regional gjennomgangstrafikk, men låg trafikk til eit lite lokalsamfunn. Dyre sikringstiltak let venta på seg. Bygda har i lange periodar vore isolert til dei nyleg skaffa seg luftputebåt.

— Om strekninga er brukt som skuleveg, har tidlegare ikkje hatt så mykje å seia, men synest å vera eit kriterium som vinn terreng, seier Ansok.

Mange vestlendingar er opptekne av at verdien av menneskeliv på denne måten vert målt ulikt. Det blir lagt ned meir pengar der det ferdast mange, enn der det ferdast få.