Ordførar Astrid Farestveit Selsvold valde å statuera eit eksempel, og gjera det klart kven som er ordførar.

— Ei tilleggssak har fått sak nr. 12 på saklista. Denne saka er eg ikkje kjend med, og den har eg ikkje godkjent. Difor er det sakene nummer 1 til 11 som skal handsamast i dag, sa ordføraren ved opninga av saksførehavinga.

Ingen i salen bad om ordet for å kommentera det oppsiktsvekkjande utspelet frå rådmannen, og den amputerte saklista vart samrøystes godkjent.

Dermed er det ikkje sagt at saka ikkje vart diskutert før og etter møtet, og i pausen.

Rådmannen vil at bompengesøknaden om Kvammapakken skal trekkjast attende. I staden skal alle krefter setjast inn på å realisera tunnel under Kvamskogen først, medan kraftlina er aktuell. Han ville ha heradsstyret til å instruera Kvam Bompengeselskap AS om dette.

Den lokalpolitiske hurlumheien vart sett i gang sist onsdag då rådmann Knut Terje Rekve sende ut tilleggssaka på heradsstyret sitt digitale nettverk. Saka var samstundes lagt ut på heradet sine heimesider, og dermed kjent for folk flest.

Fleire av heradsstyremedlemene er redde for at toget no går for Kvamskogtunnelen, sidan saka vart avvist. Styreformann Oddvar Brakestad i bompengeselskapet er derimot overtydd om at rådmannen sitt opplegg ikkje fører raskare til målet. Han er ikkje innstilt på å trekka attende Kvammapakken.

— Vi er i gang med utgreiingsprogrammet, og har som mål å realisera tunnel under Kvamskogen, med eller utan kraftkabel, seier Brakestad til Bergens Tidende.