Magne Kydland, sunnhordland.no

– Tala er ikkje klare, men me går mot ein fin pluss i boka, kan bookingansvarleg Sigvart Madsen i Tysnesfest slå fast.

For nokre tal er klare: 13.460 personar på alle arrangement, alt frå gudsteneste til kassabilløp. Flest vart det på marknadsdagane, om lag 5.000. 3.100 løyste billett til konserten med Vassendgutane, og 2.400 kom for å høyra Kurt Nilsen og gitarkompisane hans torsdagskvelden.

Til samanlikning var det "berre" 5.400 besøkjande på fjorårets Tysnesfest.

Gjorde festivalen familievenleg

– Me er strålande nøgde. Ikkje verst for ein kommune med 2.800 innbyggjarar, seier Madsen, som reknar med at dei må gjera ein del endringar i organisasjonen i god tid før neste arrangement. For så langt er alt gjort på dugnad, men timane byrjar å bli så mange at eigne tilsette etter kvart tvingar seg fram.

– Det er mange festivalar og stor konkurranse, kva er årsaka til den enorme suksessen?

– Så lenge me satsar på eit arrangement for heile familien, så vil dette vera liv laga. Det skjer på den tida av året der det er mest folk i kommunen, og det vil alltid vera behov for ein familiefest som dette, forklarar Madsen, som alt i alt er mest nøgd med at dei klarte å få Nilsen, Fuentes, Lind og Holm til ein såpass liten stad som Tysnes.

– Kor stort trur du overskotet blir?

– Det vågar eg ikkje å seia. Det blir eit fint tal, men ikkje noko millionbeløp, seier Madsen, som reknar med at rekneskapen er klar om eit par veker.

For ordens skuld: Det vart selt 4.500 liter øl under festivalen. Og endå meir brus.

Les meir her:

Sjå bileta frå folkefesten

— Å herregud så vakkert

Tysnes rundt er i gang

Hallelujastemning på Tysnes

Festivalsommar

Ralph Myers avlyser

Sel kassabilar til bedrifter

Svært begeistra for Tysnesfest

Tysnes rundt i robåt