Helse Bergen sin kreativitet for å unngå nedgradering til fødestove på Voss får ingen applaus hjå rådet som er leia av professor Pål Øian i Tromsø. Helse Bergen må attende i folden, til normane som fagfolka og helsebyråkratane har laga.

— Helse Bergen gjer etter vår meining eit stort arbeid med usikkert resultat for å unngå å fylja faglege retningsliner og Stortinget sitt vedtak for organisering av fødselsomsorga, uttalar rådet.

Helse Bergen vil kompensera lågt fødselstal på Voss med ein fagleg integrasjon mellom Voss sjukehus og Haukeland universitetssykehus. Fødeavdelinga på Voss skal etter framlegget knytast direkte til Kvinneklinikken på Haukeland, nytilsette får tenestestad på begge sjukehusa, og legane får ei hospitantordning.

Dette passar ikkje inn i «vedtatte faglige minimumstandarder», påpeiker Nasjonalt råd for fødselsomsorg. Hospitering i tradisjonell forstand er ofte passiv observasjon, og dårleg eigna til å kompensera for lite volum og trening. Ei stadig utskifting av legar vil dessutan vera problematisk for avdelinga på Voss, heiter det i fråsegna.

Rådet påpeikar at høyringsrapporten ikkje drøftar situasjonen som kan oppstå dersom naboføretaket Helse Førde nedgraderer fødeavdelinga i Lærdal til fødestove, noko som kan gje fleire fødslar på Voss. Men ut frå dagens nivå på ca. 300 fødslar i året, er oppretthalding av fødeavdeling dårleg fagleg fundert.

— Ved å gjera om til fødestove sikrar ein eit godt lokalt fødetilbod til mellom 50 og 70 prosent av dei fødande, avhengig av kva for ei løysing ein vel, seier rådet.

Alternativa er med eller utan beredskap for keisarsnitt.

Den tradisjonelle oppfatninga i norske fagmiljø, og i store delar av den vestlege verda, har lenge vore at fødslar bør sentraliserast. Komplikasjonar kan oppstå som lyn frå klår himmel, og krev full beredskap og alle støttefunksjonar. Men korkje norske eller internasjonale data kan stadfesta teorien. New Zealand, som har geografi og busetnad lik den norske, har valt ein desentralisert modell, der kvar tredje fødsel skjer ved fødestove på lokalsjukehus, med godt resultat.