— Det er ei prinsipiell sak som eg blei veldig, veldig glad for, seier Ingeleiv Haugen.

I januar skreiv BT om Haugen, som etter eit vedtak i Bergen kommune frå 2013 ikkje lenger fekk ta med assistent på opphald utanfor kommunen lengre enn fem veker pr. år.

Haugen, som har site i rullestol i 20 år, har sidan 2001 vore brukar av ordninga med brukarstyrt personleg assistanse (BPA), kor ein tilset eigne assistentar. Etter tilråding frå lege har ho reist til Lanzarote på rehabilitering i tre månader kvar vinter.

Skreiv brev - fekk svar

Etter kommunen sitt vedtak, skreiv Haugen brev til helse- og omsorgsminister Bent Høie, og i mai fekk ho svar om at BPA likevel kan nyttast på reiser utanfor kommunen. Føresetnaden er at det skjer innanfor den tildelte timeramma, og følgjer arbeidsrettslege krav for assistenten.

Ingeleiv Haugen meiner avgjersla gir reell reisefridom til funksjonshemma.

— Når vi har assistent kan vi leve som alle andre, ved at vi faktisk kan reise som alle andre, seier ho.

Ho peikar på at det er fleire i hennar situasjon, og at det no er viktig å formidle endringa breitt - til både brukarar og byråkrati.

Lovendring

Svarbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) til Haugen tek utgangspunkt i ei endring i pasient- og brukarrettslova, vedteke i juni i år. Endringa rettfestar brukarstyrt personleg assistanse. Departementet jobbar med eit rundskriv med føringar for kommunane si praktisering av ordninga.

Ifølgje Ann Kristin Krokan, politisk fagansvarleg i organisasjonen Uloba, er titusenkronersspørsmålet no kor strenge krav departementet stiller til praktisering av BPA-ordninga. Ho spør seg om kommunane framleis kan praktisere tidsavgrensingar av typen Haugen blei møtt med.

— Det gjenstår å sjå, seier ho.

Trer i kraft ved årsskifte

På spørsmål frå BT melder Helse- og omsorgsdepartementet at loven ikkje set tidsavgrensingar på reiser utanfor kommunen, utover at det må gå føre seg innanfor den tildelte timeramma og «innenfor arbeidsrettslige krav». I tillegg må slike reiser ikkje føre til ekstrakostnader for kommunane.

— Dersom dei nemnde vilkår er oppfylt, kan vi ikkje sjå at tidsavgrensinga kan gjerast i medhald av BPA-regelverket, skriv departementet i ein e-post.

Det blir likevel lagt til at det «kan være andre hensyn som gir kommunen adgang til å sette tidsavgrensning. Rehabiliteringsopphald i utlandet faller i prinsippet utenfor BPA-retten, og kan åpne for flere forhold som må vurderes».

Sjef i Etat for forvalting i Bergen kommune, Kjell Andreas Wolff, skriv i ein e-post at kommunen må «sjølvsagt forholde seg til det som er «gjeldande rett» til ei kvar tid,» og at «byrådsavdelinga må vurdere nærmare om dette tilseier ei endring av dagens forvaltingspraksis. Dersom kommunen tolkar eller nyttar loven feil i enkeltsaker, vil uansett Fylkesmannen oppheve kommunen sitt vedtak».

Rettfestinga er venta å tre i kraft ved årsskiftet.