Pære dill? Nei, norske pærer må dyrkast for å halda oppe etterspurnaden etter norske eple, har fruktbøndene i Hardanger funne ut, og har sett i gang eit pæreprosjekt på Austsida (av Sørfjorden).

— Korleis kan meir pære på marknaden auka eplesalet?

— Det har med importvernet å gjera, seier rettleiar Steinar Opedal til Bergens Tidende.

— Dersom vi ikkje har norske pærer å tilby i butikkane, vil det bli fri import av pærer også i den verna sesongen for norske eple. Dermed blir det konkurranse mellom billege utanlandske pærer og norsk frukt, både eple og pærer, forklarar Opedal.

Illevarslande meldingar frå Sogn om at Bama ikkje vil ta imot Keisarinne, den dominerande norske pæresorten, har gitt ny nerk til Ullensvang-prosjektet. Dei satsar på Ingeborg, ein ny pæresort som overlever langt lengre tid i fruktdiskane som fullverdig salsvare.

Ingeborg er ei kryssing mellom Bonne Louise og Conference, poda på Brokmal grunnstamme (OHF 333). Belgiske Conference er den dominerande importpæra i norske fruktdiskar. Vi importerer 15.000 tonn pære årleg, og den norske produksjonen har lagt på smålåtne 6-700 tonn, og under 400 tonn i fjor.

Av omsyn til lønsemda for vel 8.000 tonn norskproduserte eple, ser fruktdyrkarane det som viktig å halda oppe pæreproduksjonen, og helst auka litt.

Til no er rundt 100 mål tilplanta med Ingeborg, med bestøvingssortane Clara Frijs og Hertz. Elsa i kvar femte rad. Målet er 250 dekar innan 2004. Gulrota er SND-tilskot til rydding og planting. Potensielle nye pæredyrkarar fekk onsdag kveld orientering om prosjektet på garden til Jostein Lutro. Han har på kort tid dyrka fram flotte pærer av den nye sorten. Lutro produserer også pæretre til utplanting.