ARNE HOFSETH

Den som trudde at det berre var å bygga opp att naustet eller hytta som Inga knuste til pinneved, må tru om att.

Dyr prosedyre

Her må det engasjerast arkitekt som lagar skikkelege teikningar, det må søkast om byggeløyve og dispensasjon for bygging i strandsona, og det må betalast gebyr til kommunen for sakshandsaminga. Det stadfester både Sund kommune og Fylkesmannen i Hordaland.

— Alle kostnader med å føra opp att bygninga vert rekna inn i skadeoppgjerdet, og blir såleis dekka av forsikringa. Det gjeld også sakshandsamingsgebyret til kommunen, opplyser Rune Hansen, skadesjef i Gjensidige Vest til Bergens Tidende.

— Kva med utgiftene til leige av eit anna naust medan byggesaka går gjennom kommunal og fylkeskommunal papirmølle?

— Der må du sjekka med det enkelte selskapet om forsikringa du har teikna, dekker avbrot, seier Hansen.

Ingen gjenreist enno

Til no er ingen av dei ødelagde nausta og hyttene i Sund bygt opp att. Men overingeniør Karl Lyder Strømme opplyser til Bergens Tidende at søknadene no strøymer på.

Han fortel at det i samråd med Fylkesmannen er lagt opp ein prosedyre for sakshandsaminga.

— Er det for å sikra at bygningane ikkje skal gå på sjøen att i neste stormflo?

— Det vil i alle fall gje klarare ansvarstilhøve dersom det skulle gå gale ein gong til. Det fyljer av systemet med ansvarshavande for ulike fag i den nye lova, seier Strømme.

Han har god tru på at alle søknader som går ut på å bygga opp at det som var, vil gå gjennom utan problem. Det vil også vera opning for ei modernisering, tilpassa dagens krav, innanfor rimelege grenser.

Må ha kontroll

Seniorrådgjevar Svein Bjerkeng hjå Fylkesmannen i Hordaland meiner det ikkje er urimeleg at styresmaktene forlanger full søknadsprosedyre når ein bygning skal gjenreisast. Det fyljer av Plan- og bygningslova, og sikrar kontroll med kva som er bygt. Det kan ha kome til nye reglar og tekniske krav sidan bygninga opphaveleg vart reist.

— Kan det tenkast at søknaden vert avslått, til dømes fordi ein no er meir restriktiv med bygging i strandsona?

— Eg kan ikkje gje garantiar, med gjenoppbygging av noko som stod der for stormen, er eit tungt moment for ny dispensasjon. Både rettspraksis og tidlegare avgjerder hjå sivilombodsmannen tilseier det.

— Og gebyr må betalast?

— Ja, lova skiller ikkje mellom grunnar for at bygningar vert reist. Reglane er dei same om eigaren har rive bygningen av fri vilje, eller om stormen fjerna han.